Årsmøte for Gamleskulen aktivitetsmuseum

Det lokale orkesteret Fossedur spela til underhaldning under juletreffet på gamleskulen 6. juledag. Frå venstre Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal, Knut Hanssen, Olav Elling Gausdal og Oddvar Gausdal.
Årsmøte for Gamleskulen aktivitetsmuseum blir gjennomført med publisering av årsmøte-dokument og saker på www.hellesylt.info.
Dei som har innspel eller kommentarar må kome med desse innan 18. mai.
Send til post@hellesylt.info.
1. Val
Dei som står på val er: Eldrid Skrede, Marit Ljøen og Kari Hauso Stadheim.
Ingen har sagt frå seg, og innstillinga er attval.
Arne Ringdal blir valt til leiar for 2020.
Marit Ljøen held fram som nestleiar.
Eldrid Skrede og Kari Hauso Stadheim blir valt til styremedlemmer.
Stein Karstensen har sagt frå seg plassen som varamedlem.
Her ønskjer vi innspel på andre som har lyst til å ta vervet som 3. vara.
Arbeidsplan for Gamleskulen aktivitetsmuseum 2020
Gamleskulen samandragsrekneskap 2019