Bil og sykkelutleige med utvida tilbod
Bil og sykkelutleige AS på Hellesylt utvidar tilbodet sitt. Til sesongen har eigar av firmaet, Knut O.K. Hole i tillegg til el-syklar investert i ein fire-seters el-bil, og elektriske sparkesyklar.
Utleigefirmaet av elektriske framkomstmiddel har base på Hellesylt. Til hellesylt.info seier eigar Knut O.K. Hole at han som medlem i Grøn Fjord ønskjer å vere ein aktør som satsar på utsleppsfri ferdsel i området. I fleire år har han hatt tilbod om utleige av el-syklar, også med sykkelvogner på Hellesylt, eit tilbod som turistar og andre framleis kan gjere seg nytte av til rimelege prisar. Firmaet har no ti syklar og to vogner.
Den store investeringa til sesongen i år er ein el-bil. Planen var å kjøpe inn to, men korona-epidemien og dermed ein begrensa turiststraum i sommar gjorde at Hole sette kjøpet av den eine bilen på vent. Men fleire sparkesyklar er kjøpt inn, og leigeavtale for bil eller syklar kan gjerast gjennom Coop Marknad Hellesylt, eller ved kontakt til Knut Hole direkte.
-Eg ønskjer også å samarbeide med andre, mellom anna med Geiranger Fjordservice og håper det kan styrke mitt føretak, og eg ønska gjerne avtale med Hellesylt Camping om å nytte både el-syklar og el-bilen som eit tilbod til turistar som gjestar campingplassen. Ved Coop-butikken er det opplegg for ladding av el-bilar.
-Mange ønskjer å sykle frå Hellesylt gjennom Norangsdalen med si storfelte natur og idylliske sætreområde, men på grunn av stor biltrafikk etter fylkesveg 60, vel dei ofte Bygda til Vollset i staden. I 2020 vil eg tilby gratis bruk av bil til Tryggestad der det på bilen kan fraktast med tre el-syklar til turen frå Tryggestad til Øye og tilbake, seier Hole. Han håper mange nyttar seg av dei utsleppsfrie farkostane Bil og sykkelutleige AS kan tilby.