Byggefelt og utbetring av Ringdalsvegen.

Arbeidet med det nye byggefeltet i Ringdalsåsane fører og til at Ringdalsvegen vert utbetra.

Arbeidet med å opparbeide det nye tomtefeltet i Ringdalsåsane går raskt unna, og  arbeidarane har vore heldige og unngått snø og ruskever medan arbeidet har pågått. Det er Hans Opsvik som har hovudentreprisen, og skytinga er det Bernt Strømme som har stått for. Til no er vegen fram til tomtene utfylt og grovplanert og arbeidet med å køyre på grus har starta opp.

Bildetekst: Arbeidet med vegen burt til byggefeltet har gått svært radig.

Med klargjeringa av byggefeltet føl og eit anna svært naudsynt arbeid. Frå den såkalla Trollhola og oppover vert no Ringdalsvegen utvida. Dette på eit parti av vegen der det har vore dårlege grøfter og mykje oppising om vinteren. Så langt er det boring og sprengingsarbeid som er gjort på denne vegutbetringa.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen 25. april 1985.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info