Lokalnytt

Deler sjokoladegåve med andre.

Mange får posar med sjokolade frå Sunnylven sanitetslag dei nærmaste dagane.

Sunnylven sanitetslag var mellom fleire lag som søkte og fekk tilsendt sjokolade gratis frå Freia. No deler laget ut det aller meste av 1000 sjokoladar til unge og eldre.

I alt 40.000 sjokoladar delte Freia ut gratis til lag og organisasjonar rundt om i heile landet. -Vi fekk to fulle pappkasser med sjokolade tilsendt frå Freia. Etter at vi fekk meldinga om at vi var mellom dei heldige som hadde vunne 1000 sjokoladar, har vi tenkt og snakka saman kva vi skulle gjere med den søte gåva. På siste styremøte ausa vi opp i posar utan å telje så mykje, og desse har blitt/skal bli utdelt til mellom anna born og eldre. Og vi i sanitetslaget ønska også å gje ei lita oppmuntring til mange andre som har stått på både på kvardag og helg i desse korona-tider. Det seier Hilde Langlo Brekke, nestleiar i Sunnylven sanitetslag.

Ho fortel at dei som har fått eller kan vente seg ein pose med sjokolade er tilsette på butikkane på Hellesylt, på Øcal, bebuarar og tilsette ved Sunnylven omsorgssenter, alle i barnehagen og på skulen og alle tilsette der, og det blir sjokoladeposar til alle ved Stranda legekontor, til kommuneleiinga og til ambulansetenesta i kommunen.

-Vi sat ikkje å fintalde, vi berre ausa opp i posane så vi håper det vart både ein og fleire sjokoladar til alle, seier Hilde Langlo Brekke.

Og laget har meir sjokolade på lager. Leiar i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim fortel at eit restlager er gøymt unna til neste Kløvertur. – Møt opp på neste Kløvertur-arrangement så blir det gratis sjokolade å få i tillegg til den faste serveringa, seier ho. Dato for neste tur er ikkje bestemt, men blir annonsert i god tid.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380