Det blir 17. mai-feiring i Sunnylven

Det blir ikkje folketog på 17. mai på Hellesylt i år. Men alle er velkome til ferjekaia på Hellesylt der det blir ei verdig markering av dagen.

Sunnylven Idrottslag er hovudarrangør av 17. mai i Sunnylven. Nasjonaldagen skal feirast, men det blir ei litt anna markering i år enn tidlegare grunna korona-epidemien.

Også i år skal det pyntast med vårgrøn bjørk på faste stader i Hellesylt til 17. mai. Det blir på dei to bruene, Høge bru og Hellesylt bro, og i tillegg på ferjekaia. Kaia blir på mange måtar samlingsstaden på Hellesylt i år, syner opplegget frå arrangør Sunnylven IL.

Som kjent frå media legg Stranda kommune opp til ein tur på Storfjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden for folket med båt, både om bord i den gamle fjordabåten MS Bruvik, men også at folk føl med om bord i eigne småbåtar. I staden for folketog blir det denne gongen lagt opp til båtkortesje.

Opplegget har start frå Stranda kai kl. 10.00, innom Liabygda, til Hellesylt og mål for turen i Geiranger på ettermiddag.

Til Hellesylt er båtkortesja og gjestar planlagt venta kl. 13.00. På kaia blir så dagens program på Hellesylt avvikla.

Også bebuarar på Sunnylven omsorgssenter kan følgje med på arrangementet på kaia frå dei balkongar som vender mot sjøen. Arrangøren oppmodar publikum om å opphalde seg i små grupper og rette seg etter anbefalte smittevernreglar i høve korona-epidemien.

Parkering på fergeoppstillingsplassen eller ved skule/COOP.

Eit endeleg oppsett program for 17.mai-feiringa frå Sunnylven Idrottslag blir lagt ut på www.hellesylt.info

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380