Elevar rydda ein kulturarv.

Det gjekk unna med rydding av kjerr og småskog i bygetunet der 22 elevar frå ungdomssteget deltok, men friminutt og matpause høyrde også med.

Rydding av kulturarv og Fysisk fostring har vore prosjektoppgåve for elevane på ungdomssteget ved Sunnylven skule det siste året. Torsdag var elevar og to lærarar i Hellesylt Bygdetun og jobba med krattrydding.

Kristin Solberg og Karolin Parthe er lærarar for elevar på ungdomssteget.
-Vi har inntrykk av at elevane synest det er veldig kjekt med fysisk aktivitet ute, og rydding av uønska vegetasjon blir på mange måtar ein kombinasjon av begge prosjektoppgåvene. Bygdetunet er ein viktig og lærerik plass på Hellesylt som både vi og kollegaene våre på skulen meiner er viktig å ta vare på. Vi vil gjerne bidra med det vi kan for å halde det pent og ryddig.

Det sa dei to lærarane som var med ungdomssteget i bygdetunet torsdag. Arbeidet var også god læring i fleire fag i skulen, for samfunnsfag, kunst og handverk, og for matematikk. Karolin Parthe fortalde at dei på førehand hadde snakka om bygdetunet og historia bak, elevane hadde målt opp og teikna bygningane der og elles gjort andre notat av det vesle småbruket som tre søsken gav vederlagsfritt til Stranda kommune i 1992. Med den unike kulturskatten følgde både eit pengebeløp og 600 små og store gjenstandar og reiskap.

Amalie Sporstøl t.v. og Helene Hellebostad på veg til oppsamlingsplass med krattskog

Torsdag vart det jobba med både sag, saks og kvasse knivar for fjerning av kjerr og mindre tre. Vaktemeister ved skulen var også innom for å smørje trestubbar med eit veksthemmande middel.

I lag med Venneforeininga for bygdetunet hadde det blitt halde synfaring der foreininga og skulen var samde om kva som skulle ryddast bort. Og når ein hyrer inn ungdomssteget på 23 elevar (22 på torsdag) går det unna. På råsa til bygdetunet møtte vi fyrste Amalie og Helene med fanget fullt av lauv og kjerr. Dei samla i hop av det som var kappa ned. På sjølve tunet hadde fleire flittige hender vore i aktivitet, for ein plass det alt då var blitt rydding og fint var rundt brønnhuset.

Jobben var ikkje ferdig, men fyrst var det pause med grilling av pølse med brød, og vi drista oss frampå etter ein kommentar. Det var kjekt å jobbe her tykte dei to gardsgutane Isak og Konrad. Ikkje berre var arbeidet kjekt, men det å få vere ute i frisk luft var ti gonger kjekkare enn i klasserommet, sa dei. Litt godt påslag og litt humor i den kommentaren, trur vi.

Bak låven i området ved brønnhuset flott rydda og rette kulturlandskapet kome fram igjen

Jobben i bygdetunet skulle bli ferdig denne dagen. Skulen hadde søkt om tilskot på 4.000.- kroner til prosjekt som det skulle sendast inn dokumentasjon på når det var utført, fekk vi oss fortalt.

Det var god varme på grillen og pølsene smaka.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380