Feira nasjonaldag i ruskever

Musikarar frå Sunnylven skulekorps gleda bebuarane ved omsorgssenteret med å spele kjende nasjonalsongar. Mange følgde med frå sine verandaer.

Markering av nasjonaldagen vart ikkje som vanleg i Sunnylven i år. Men arrangør Sunnylven IL fekk gjennomført ei verdig markering under litt utrivelege verforhold.

Etter at flagga i Sunnylven var heisa til topps starta markeringa av 17. mai framfor Sunnylven omsorgssenter. Dirigent Trond Otto Berg hadde fått i hop tidlegare og eldre musikarar frå Sunnylven skulekorps, og der tona nasjonalsongar frå «Ja vi elsker» til «Gud signe vårt dyre fedreland» flott. Mange eldre følgde med frå verandaer godt påkledde og inntulla i pledd i det kjølege veret.

Sjølv om veret og temperatur var elendig møtte mange fram til markeringa på ferjekaia.

Deretter heldt markeringa fram på ferjekaia der den gamle fjordabåten MS Bruvik hadde lagt til med deler av kommuneleiing og andre gjester om bord. Mykje av nasjonaldagfeiringa i Stranda kommune var i år i samarbeid med kommunen som hadde lagt opp til besøk i alle dei fire bygdelaga med bruk av fjordabåten og direkte overføring på internett frå heile reisa. Du kan sjå frå fjordreisa og besøk i bygdelaga her: https://www.stranda.kommune.no/nyheiter-pa-framsida-aktuelt/direktesending-fra-17-mai-i-stranda-kommune.10497.aspx

Eit elendig ver gjorde det nær to timar lange opphalde på ferjekaia lite triveleg for eit etter måten talrikt publikum. Men i sine flottaste festklær fekk dei oppleve gode innslag av korps, synging av «Ja, vi elsker» presis klokka 13.00, ungdomskoret Joyful med solistar, felejentene frå Sunnylven, og ikkje minst ein appell frå formannskapet ved Gunnhild Kvam.

Renate Øksvang og Isak Frøysadal Hauge las opp namna og la ned blomar over sunnylvingar som fall under krigshandlingar 1940 – 45.

Som alltid under 17. mai i Sunnylven blir det av elevar frå 10. klasse lagt ned blomar ved minnesteinen ved kyrkja over dei falne frå siste krig. Det var Renate Øksvang og Isak Frøysadal Hauge som las opp namna på dei fira som omkom og heidra deira minne ved å legge ned blomar, i år på kaia og nær ein rettarstad for ein av dei som fall.

I samarbeid med fleire og under spesielle forhold kom arrangør Sunnylven IL godt frå markeringa av 17. mai på Hellesylt. Leiar i Idrottslaget og programvert, Per Ingebrigt Karbø takka mange, også publikum som trassa veret, og ønska alle ei fin feiring av dagen vidare. Deretter drog MS Bruvik med kaptein Svein Peder Vågnes og følgje vidare til Geiranger som var siste stoppestad denne dagen.

Ungdomskoret Joyful med solistar framførte to songar, «Mitt lille land», og «Til ungdommen».

Felejentene med Erik Torset og Ida Susann Tronstad på gitarar stod for eitt av underhaldingsinnslaga. Til høgre Gunnhild Kvam, og festleiar Per Ingebrigt Karbø.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380