FESTDAG

Barnetoget var det største på mange år. Born og voksne gjekk saman under faner og flagg til feiande musikk av skulekorpset.

I det best tenkelege vårver, med varm sol frå skyfri himmel, vart det ei svært vellukka 17. mai -feiring i Sunnylven. Det var i år Sunnylven Idrottslag som hadde teke på seg tilskipinga av programmet, og det var svært god oppslutning om dei ulike arrangementa. Barnetoget gjekk i år frå samfunnshuset, om aldersheimen, gjennom gata , til Helgesvingen og attende til samfunnshuset. Og det er lenge sidan vi har sett så mange sunnylvingar og tilreisande i toget. Talen for dagen vart i år halden av Rolf Tvinnereim.

Folkefesten vart halden ved skulen, og Hans Hole var programleiar. Først spela skulekorpset «Ja, vi elsker», medan koret og festlyden song til. Dinest vart dei falne minte med eit minutts stille. Kjellstadguten Spelmannslag og Hellesylt Songlag sytte elles for musikk- og songinnslaga i kvar si avdeling.

Talen for dagen vart halden av Rolf Tvinnereim frå Nordfjord. Han er sjølv tidlegare velkjend  idrettsmann, og han gav i talen sin ros til idrettslaget som engasjerer seg på eit så breitt felt at dei og tek på seg arrangement som 17. mai dagen. I ein velformulert og god tale oppheldt Tvinnereim seg naturleg nok ved frigjeringa etter den 2. verdskrigen og tala om behovet for å slå ring om fridomen og fedrelandet vårt. Eit anna tema i talen var den skapande og særeigne kraft som han meinte kvart menneskje har i seg. Ei kraft som somme gjev uttrykk gjennom dikting og kunst, andre gjennom idrett. Denne givnaden måtte kvar og ein hygge på og vidareutvikle, sa han.

For Tvinnereim var det elles viktig at vi ikkje vart «historielause». Vi må kjenne vår historie og lære av ho, så vi kan bygge vidare på det beste av sed og skikk frå våre forfedre meinte han.

– Noreg er elles eit av dei beste land i verda å leve i. Så vi må stå vakt om fedrelandet og fridomen, var hans avslutningsbodskap. Sunnylven IL hadde elles lagt opp til leikar både for born og vaksne. Dei yngre sykla og sprang, medan dei eldre kasta piler og hestesko. Brus og pølser vanka det til borna og til skulekorpset vanka det og forfriskningar etter turen gjennom bygd og dal.

Likeeins var det mat å få kjøpt for folk, og i det fine veret var det mange som sat ute og koste seg mellom programinnslaga. Då var det kanskje ikkje så dumt om kommunen hadde sett ut benkane som pla stå i området. Det var fleire som etterlyste dei denne dagen …

Mange av pensjonærane og betjeninga ved aldersheimen sat ute i det fine veret og helsa toget som stogga ved heimen.

Mykje folk var samla til folkefesten, som vart halden ved skulen.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info