Lokalnytt

Finsk selskap overtek Litlebø kraftverk

Litlebø Kraftverk vart offisielt opna 1. juni 2012.

Litlebø kraftverk i Sunnylven er overteke av selskapet Finsk Kraft AB. Kraftverket ved Tryggestad har blitt drive privat gjennom selskapet Tryggestad kraft AS, men frå 15. mai skal den norske småkraftspesialisten Bekk og Strøm drifte kraftverket.

 

Finsk Kraft AB kjøper Tryggestad Kraft AS
I ei pressemelding sendt ut i dag står å lese at; Finsk Kraft kjøper Tryggestad Kraft AS. Selskapet som på finsk Suomen Voima, eig fleire kraftverk i Norden, og står for ein årlig kraftproduksjon på 312 GWh. I tillegg har selskapet meir enn 300 MW i prosjekt som er under bygging eller utvikling. Finsk Kraft har eit sterkt fokus på grøn, fornybar energi, heiter det.

Kraftverket

– Tryggestad Kraft har eit vakkert kraftverk som passer godt inn i vår portefølje, og vi er glade for å produsere grøn energi i denne regionen, seier Antti Vilkuna, daglig leiar i Finsk Kraft. Litlebø kraftverk har tre turbiner og får vantn frå Nibbedalselva og Langedalselva ved Hellesylt i Stranda kommune. Stasjonen er lokalisert der disse elvene møtes. Kraftstasjonen er teikna av Slyngstad Aamlid Arkitekter og er i tre og stein, og med mange glasflater. Det er eit flott, naturdesigna signalbygg like ved turistvegen til Hellesylt og Geiranger, står å lese i pressemeldinga.

Borghild Lillebø Hauso fekk æra av å opne Litlebø kraftverk . Saksa ho klipte over silkebandet med var laga av Ole Kjellstad i 1860.

I drift frå 2012

Litlebø Kraftverk vart offisielt opna 1. juni 2012. Men grenda har hatt kraftproduksjon også tidlegare. Til jul 1926 kom Langedalens elektrisitetsverk i produksjon, eit elvekraftverk som leverte 60 kw. i åra fram til Firda-kraft kom til Sunnylven tidleg på 50-talet. Rundt åtti år seinare gjekk fallrettseigarar på Lillebø og Tryggestad saman og søkte konsesjon for bygging av Litlebø kraftverk. Konsesjon vart gjeve av NVE i 2008 for eit kraftverk med produksjon på 22.0 Gwh, og tre år seinare vart det sett i gong prøveproduksjon. Og så, med talar, snorklipping, musikk og meir vart så Litlebø kraftverk offisielt opna 1. juni 2012, eit kraftverk som både har pryda og liva opp i grenda.

No er selskapet Tryggestad Kraft AS, kraftstasjonen , røyrgater og andre installasjonar selt til finske Suomen Voima. Fallrettane i vassdraget er ikkje med i salet, men blir leigd ut til det nye selskapet

Har forvalta ressursar godt

Jan Ove Tryggestad har vore styreformann i Tryggestad Kraft AS og kommenterer salet på denne måten.

–Vi bygde opp kraftverket og forvalta det i fellesskap til verdiar for alle eigarane i grenda . At vi no sel kraftverket er ikkje etter påtrykk frå banken eller andre, men rett og slett fordi vi fekk ein god pris.

I tillegg er grenda inne i eit generasjonsskifte, og vi var litt usikre på om dei unge ville halde fram ei drift slik det er blitt gjort til no med mykje privat engasjement. Når vi no sel får alle eigarane eit bra utbytte, og då kan vi vel seie med det gamle ordtaket ,-at det du blir sett til å forvalte skal du levere frå deg i minst like bra stand som då du overtok.

I Litlebø kraftverk og ved masiner i drift står frå høgre; Byggeleiar Kjell Opheim, dagleg leiar Olav Hauso, og prøveingeniør Harald Hoff frå Rainpower

Dagleg leiar alle åra

Olav Hauso har vore dagleg leiar i Tryggestad Kraft AS heilt frå starten av. Gjennom slektskap til fallrettseigar på garden Lillebø kom han med i ei spanande tid som det er å bygge ut og drifte eit kraftverk.

Det vart litt tyngre å drive godt etter kvart som økonomien har utvikla seg for småkraftbransjen. Han er glad for at det kom til eit sal til ein akseptabel pris, sjølv om det er med litt vemod at grenda ikkje eig landemerket sitt lenger. Ei god trøst er det at det er eit selskap med god ryggrad som har overteke og kan drive vidare.

Fossar ut rein eksos.

Olav Hauso synest det er fantastisk at dei to elvane frå Nibbedalen og Langedalen kunne utvinne energi, rein energi med små naturinngrep.

–Det er fasinerande å stå og sjå på utløpet, av vatnet frå kraftverket som fossar ut som rein «eksos», og som lagar så mykje energi. For 120 år sidan hadde ein berre energi av muskelkraft frå dyr og menneske. Energiproduksjonen frå Litlebø kraftverk tilsvarer muskelkrafta til ein halv million menneske.

Eg trur ikkje folk tenkjer over kva energi ein hentar frå vasskraft og fossil, kva for ein utruleg ressurs det er. Det er dette som har vore med og bygt landet vårt, avsluttar Olav Hauso.
Han ønskjer dei nye eigarane og drivarselskapet lukke til med alt kring Litlebø Kraftverk.

 

Då ljoset kom til Tronstad og Langeland

Til jul i 1926 kom «ljoset» til Tronstad og Langeland i Sunnylven, då stod det aller fyrste kraftverket i grenda ferdig. Brit Lillebø budde i grenda og skildra den store hendinga som vi har fått lov å fortelje på nytt.

 -Eg har skrive om sola, som sjølvsagt ikkje er å samanlikne med noko anna ljos. Men no har vi  fått noko anna ljos som er det mest fullkomne nest etter sola. I fjor haust vart dei her i grendene og på Tronstad einige om å byggje eit elektrisitetsverk.

Så tok dei då til å arbeide med det, når det var ver til det. I vår, då det vart tøya arbeidde dei framover når dei hadde tid, til vinnjå tok til.

So i haust att når dei var ferdige med det meste av haustarbeidet tok dei til att. Men so vart det ein kuldebolk så dei ikkje fekk gjera noko, og dei hadde mest slege det frå seg og få det ferdig til jul som dei var tenkte på.

 Men so landa det, og då sette dei full stim på, for no skulle det i stand. Og det gjekk bra. Det vart so lengje bra ver at dei fekk det i stand, og no no i kveld solsnudag, lyser det i alle rom i alle heimar rundt i kring.

Eg tenkte ikkje eg skulle oppleve den dag eg fekk sjå det, men no er ljoset her, og eg hev sett det. Laura har fått komfyr, og eg dobbel kokeplate. I alt er der fem komfyrar i grenda, og ein steikjeomn og kopla til.

Det er svært lettvint , ein slepp å liggje og blåse i rå ved for å få det til å brenne. Hadde dei gamle sett det, hadde dei vel trutt det var trollskap.

For oss eldre som hugsar det primitive ljos som dei brukte i vår barndom, vart det noko til skilnad…

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380