Forstandarskap og styre i Sparebanken Møre, Hellesylt.

Forstandarskap og styre i Sparebanken Møre, Hellesylt. (Trykk på bildet for større versjon).

Torsdag 25. april vart det halde møte i forstandarskapen i Sparebanken Møre, Hellesylt. Her vart det mellom anna halde val på formenn og nestformenn i forstandarskap og styre. Her vart det attval på Erling Rusten og Håvard Tryggestad i forstandarskapet og Petter Ringdal og Knut J. Tryggestad i styret. På biletet har vi samla medlemmane i forstandarskapen og styret.

Styret sit i midten framme og er frå venstre: Knut J. Tryggestad, banksjef Terje Mork, Petter Ringdal, Knut O.K. Hole og Oddveig Kjellstad.

Medlemmar i forstandarskapen, bak frå venstre: Håvard Tryggestad, Kristen O. Ringdal, Alv Høgalmen, Ivar R. Sæter, Svein Sporstøl, Knut Frøysa, Kari Hauso Stadheim, Gjertrud Røyrhus og Erling Rusten. Framme frå venstre: Ingebjørg Hole, Sonja Anny Rut Hole og heilt til høgre Kirsten Gjørvad.

Som ei markering av at tidlegare Sunnylven Sparebank i år er 120 år, vart det servert ein middag, der og dei tilsette i banken var innbedne.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen, 3. mai 1985.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info