Informerer om varslingsprøve 15. mai

Fredag 15 mai mellom kl. 12.00 og 14.00 skal varslingsopplegget til Åknes/Tafjord beredskap testast, mellom anna denne sirena ved Hellesylt stadion.

Fredag 15. mai utfører Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) test av varslingssystem slik det er tenkt ved ei eventuell fjellskredhending. ÅTB oppfordrar til å informere born om testen på førehand.

Åknes/Tafjord Beredskap IKS har sendt ut denne meldinga om test av anlegg for fjellskredberedskapen i kommunar langs Storfjorden;

-Fredag 15. mai mellom kl. 12.00 og 14.00 vil ÅTB teste varslingssystema for fjellberedskap. Dette vil innebere at om ein har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil ein få ei melding eller oppringing til telefonen.

Også test av sirener

I tillegg vil ein kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjelde sireneanlegg i Stranda og Fjord kommune, samt delar av Sykkylven kommune. ÅTB testar systema som ein del av fjellskredberedskapen til kommunane.

Det vil være mogelegheit for å gi tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn ein på www.aknes.no .

Det blir oppfordra til å informere born om denne testen på førehand.

Ikkje endringar

-Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe. Det er derfor viktig å teste systema så vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette, skriv Åknes/Tafjord Beredskap, og legg til;

-ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella. Geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt ras blir utløyst.

-Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes/Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no / 48503988

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380