Kursar i våtdrakt og kajakk

Helge Kvam Karbø til høgre, og tre kursdeltakarar i elvepadling, Max Helander, Emil Nordhild Røving og Jan Ove Aae.

Fjord Nature AS , firmaet med naturbaserte tilbod har auka pågang av kundar. Fleire leiger kanoar for opplevingar på fjorden, og andre vel kajakk og kurs i elvepadling.

I sola møtte vi på instruktør Helge Kvam Karbø og tre andre som gjennomførte grunnkurs i elvepadling i området ved Øie bru i Bygdaelva. Dei heldt seg der, det var nok litt tidleg å reise lenger ned i fossestryka i Steimsåsane, sjølv om vi syntes dei meistra farkostane sine godt.

Området ved Øie bru var flott å halde til i denne dagen. Det var passeleg god fart i vatnet, og i varmen med snøsmelting og tilførsel frå fleire sætreelvar og klukkande fjellbekkar var elva heilt ideell, sa Karbø.

Og elevane såg ut til å like det dei var med på. Dei tre karane var alle busett i Norge, Emil Nordhild Røving og Max Helander var opphavleg frå Danmark og Finland, medan Jan Ove Aae var frå Kyrkseterøyra i Trøndelag. Med instruktør frå Hellesylt vart det ein internasjonal gjeng som boltra seg i det våte element på pinseaftan.

Fyrste dag av kurset gjekk ut på å øve padleteknikk, kameratredning, og inn og ut av straumen. Kurset skulle halde fram dagen etter, kanskje med ein lengre elvetur då, sa Karbø. Under tidlegare kurs har han teke med deltakarane til området ved Danefossen på Frøysa og padla heilt tilbake til Øie bru, ei strekning på 5.7 km.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380