Nok av bondens andre gull

Det er nok av bondens gull, og etter 17. mai kjem sol og varme, seier Peder Hellebostad.

Han fekk det som han ville bondelagsleiaren i Sunnylven. Snøbyger, eller bondens gull nummer to har lava ned i rikeleg monn, men etter 17. mai blir det finever. Det melder Peder Hellebostad.

-Eg har fått både bilde av intervjuet på hellesylt. info og fleire tekstmeldingar med spørsmål om eg har blitt spåmann og metrolog. Men det har eg altså ikkje blitt, eg sa vel at i mai ønska eg meg godt med regn, og ei og anna snøbyge. Det ville gje tett grasrot og god avling for oss som driv med grasproduksjon. Men no er det nok av både regn og snø, no vil vi ha sol og varme.

Det seier Peder Hellebostad som tek dei mange kommentarane med eit smil. Men han vedgår at det gjekk nesten «troll i ord» til det han sa tidleg i våronna.

Ei veke seinare

Han trur dei fleste av hans yrkeskollegaer har fått ut husdyrgjødsla til fyrsteslåtten, men kunstgjødsla står nok i sekk hos mange enno. Veksten er i alle fall ei veke seinare enn normalt, meiner han, for det meste har stått stille på grunn av det kjølege veret.

Mykje snø i sætredalar

Også utmarksbeita blir seine i år då det framleis ligg store snømengder i høgda. Peder Hellebostad var på sætra si i Holedalen i påska, og der var nær to meter snø, fortel han. Gjerdestolpar var i alle fall borte over alt. Og nyleg var han og såg på fonna som ligg over vegen til Holedalen og som vart svartkalka for å tine fortare. Den hadde heller vakse enn minka.

Semje om jordbruksavtale

Veret er diverre ikkje noko vi kan gjere noko med, det får vi ta som det kjem, seier Hellebostad, før vi kjem litt inn på jordbruksoppgjøret mellom Staten og bondeorganisasjonane.

Det kom fort til semje denne gongen, og det synest han var bra ut frå situasjonen landet er i. Han har ikkje fått sett seg så mykje inn i avtalen enno, men har registrert at inntektsauken blir minimal i år. Prisar på mjølk og kjøtt blir stort sett som før, men det er lagt inn høgding av nokre produksjonstilskot. Om det er nok som kompensasjon for auka prisar på innsatsfaktorar i jordbruket, som til dømes kraftforprisen er Hellebostad usikker på. Han håper det blir rom for justeringar seinare om deler i avtalen skulle slå uheldig ut.

Bondens gull

Bøndene er nok ikkje heilt ferdige med våronna enno, og mange sauebønder håper å få ut sauer og lam på grøne beite. Difor vil bondelagsleiaren at snøbygene skal ta slutt no. – Husdyrgjødsla er bondens gull nummer ein, snø i mai er bondens gull nummer to. No har vi «gjødsla» med begge deler så etter 17. mai blir det sol og varme, lovar bondelagsleiar Peder Hellebostad.

Snøbygene har vore mange midt i mai.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380