Ny generasjon lakseyngel i Korsbrekkeelva

Arne Korsbrekke til venstre og Bjørn Tryggestad ut frå klekkeriet med kvar sitt spann med lakseyngel, klare for utslepp i hovudelva.

 

Ein ny generasjon lakseyngel er klar for å bli sett ut i Korsbrekkeelva. Som tidlegare år har klekkeriet i Husøya «levert» nye 100.000 plommesekk-yngel.

I oktober og november fanga elveeigarar og ivrige laksefiskarar stamlaks i Korsbrekkeelva til nye laksebarn. Med kastenot i Steimshølen kom det på land nok av både ho –og hannlaks til å fostre fram ein ny generasjon av laksestamma i den korte, men gode lakseelva i Sunnylven.

-Vi fekk så mykje at vi sette fleire laksar tilbake i elva, fortel Arne Korsbrekke, elveeigar og med 60-70 års erfaring med reproduksjon av lakseelva. Stadig gjennom vinterhalvåret gjer han turar innom klekkeriet i Husøya for å sjå til at alt er i orden, at temperatur og vasstilgangen er som den skal.

Arne Korsbrekke har registrert ei god og normal utvikling ved klekkeriet også siste vinter.

Normal utvikling

–Det har gått som normalt med klekkinga også i året. Nokre få rognegg har vore døde, men ikkje meir enn normalt det heller. Det er alltid fiskar som er mindre fruktbare enn andre, så at vi må plukke ut døde egg er normalt. Og vasstemperaturen har vore fin, den har betyding for kor raskt utviklinga foregår. Faktisk gjekk det litt saktare no dei siste vekene, men om det var temperatur eller andre årsaker veit vi ikkje, seier Arne Korsbrekke.

Fyrste av fleire yngelslepp

Saman med Bjørn Tryggestad, som også kjenner kultiveringsarbeidet godt skulle dei fyrste lakseynglane i elva 9. mai. Dei henta yngel frå bestemte karr denne dagen, for yngelen har ulik utvikling alt etter når ho og hannlaksane vart strøkne for rogn og mjølke. Det vart i alle fall mange av dei 100.000 laksebarna som fekk sitt fyrste møte med Korsbrekkeelva denne dagen.

Arne og Bjørn diskuterte litt kvar dei skulle sleppe dei sprelske skapningane i elva. Arne var litt betenkt over å setje dei ut i hovudelva, for slo det om til mykje mildver kunne det fort bli ei flaumstor elv og det var ikkje heilt gunstig, meinte han. Det vart utslepp av yngelen i rolege kulpar frå Kjellsmyra og oppover i Steimsåsane, etter det vi forstod.

Glenn W. Stadheim utfører mykje søknads -og registreringsarbeid kring kultivering og fiske i Korsbrekkeelva.

Kultivering krev løyve

Klekkeriet i Husøya har vore verksam i mange generasjonar, heilt frå då kjøpmann og laksefiskar Anton Larssen fekk det etablert i 1933. Etter kvart har det blitt strenge krav for yngeloppdrett og fornying av villaksen i elvar. Glenn W. Stadheim, elveeigar og leiar i elveeigarlaget før Asbjørn Ekornesvåg overtok, har hatt jobben med søknader og registrering av løyver som vedkjem Korsbrekkeelva.

Ei friskmeldt elv

-Prøver viser at elva er fri for gyrodactylus salaris, vi har hatt fire veterinærbesøk i klekkeriet gjennom sesongen, og vi har fått løyve til å setje ut 100.000 yngel. Alt er i boks for i år, men no har vi søkt igjen for neste år. Søknadar er sendt inn før 10. mai som var søknadsfrist om løyve for ny yngeloppdrett, vi må søkje om å ta opp stamlaks, ha godkjenning frå veterinær, og løyve til å setje yngelen ut i elva, fortel Glenn W. Stadheim.

Korsbrekkeelva er ei av dei aller beste lakseelvane på Sunnmøre, lengda teke i betraktning. Truleg er resultatet oppnådd grunna godt kultiveringsarbeid gjennom mange år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380