NYTT GATEKJØKKEN OPNA l PINSA

Innehavarane av det nye gatekjøkkenet, Asbjørn Saarheim og Ella Saarheim Herfjord.

I helga opna firma Asbjørn Saarheim & co det nye gatekjøkkenet sitt i Hellesylt sentrum. Nybygget har fått ei vakker utforming, med trekk frå det gamle sentrumsmiljøet. Gjennom sal frå kiosk og gatekjøkken, tek firmaet sikte på å gje eit tilbod både til bygdefolk, tilreisande og turistar.

Det nye bygget som firma Asbjørn Saarheim & Co har reist, er på om lag 103 kvadratmeter. Det
inneheld kiosk og gatekjøkken. Og ved borda i det ljose og vakre lokalet er der om lag 20 sitjeplassar. Gatekjøkkenet har det mest moderne av maskiner med fryseri, isbar og anlegg for grillmat. Her vert det servert mellom anna hamburger, pommes frites og kylling. I kiosken er det eit assortert utval av kioskvarer, og firmaet leiger og ut video filmar og avspelingsmaskiner.

Asbjørn Saarheim framfor det nye, flotte gatekjøkkenet, som vart opna søndag.

Det nye gatekjøkkenet ligg fint til i sentrum. Ein har teke vare på den flotte hengebjørka, og her vil det bli laga til eit tunområdet framfor inngangspartiet. Ved utforminga av bygget er det lagt stor vekt på å ta vare på trekka frå det gamle miljøet i sentrum. På grunn av brannføresegnene er bygget reist i mur, men Saarheim har fått kledd bygget utvendig med trepanel. Også i utforming av dører og vindauge er det teke miljøomsyn.
Lokala inne er ljose og trivelege. Her er murveggane pussa og kvitmåla og lokala er smakfullt innreidde.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen 31.05.1985.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info