Lokalnytt

Nytt kjøkken i Tronstad grendahus

Tre av dugnadskarane på det nye kjøkkenet. Frå høgre Johan Inge Kjellstad, Peder Rune Tronstad og Sven Roger Alme.

Ei heilt ny kjøkken var ferdig til bruk i grendahuset til den årvisse Spekematkvelden til Tronstad grendalag i mars. Så kom korona-epidemien og dermed måtte «innviingsfesten» utsetjast.

På dugnad har medlemane i Tronstad grendalag fått på plass nytt og moderande kjøkken i grendahuset sitt. No var det ikkje dårleg det som var der frå før heller, men ønskje frå kjøkkenbetjeninga om meir plass gjorde at det vart vedteke å utvide, og dermed kom også heilt ny innredning.

Det nye kjøkkenet er på 30 kvadratmeter og har komfyr, induksjons kokeplater, ventilator, kjøl og frys, oppvaskmaskin, skyllekum, skap og skuffer, og sjølvsagt varmt og kaldt vatn. Vi såg to kaffitraktarar, og der var heilt sikkert fleire hjelpemiddel for ein god og effektiv kjøkkenjobb.

Mange har hjelpt til

-Etter at korona dukka opp har det ikkje blitt halde arrangement i grendahuset. Det nye kjøkkenet står ubrukt til større samlingar så langt, men jobben er gjort og ein gong er vi nok tilbake til normale forhold igjen. Det seier Johan Inge Kjellstad som saman med naboane Peder Rune Tronstad og Sven Roger Alme har gjort storparten av jobben med nyekjøkkenet. Berre rørleggararbeidet er det innleigd til. Med i dei mange dugnadstimane er også fleire andre, både damer og ungdom i grenda har teke nyttige tak. –Når ein under arbeidet brukar bygningssag blir det både rydding og behov for nedvask etterpå, seier Johan Inge.

Det nye kjøkkenet har blitt ljost og er utstyrt topp moderande.

Funksjonelt og moderande

-Kalkylen var 300.000.- kroner. Vi er i mål til den prisen, alt er betalt, men då er ikkje 6 – 700 dugnadstimar medrekna, legg Peder Rune og Sven Roger til.

Grendalaget starta på det nye kjøkkenet i fjor med fjerning av det gamle, og riving av ein vegg for å få meir plass. Alt er nytt, og skap og benkar er kjøpt hos Hjelle i Holmøyane. -Det har blitt eit funksjonelt, ljost og moderande kjøkken som damene skryter av, mellom anna er øya eller arbeidsbenken midt i rommet praktisk, seier dei tre. Vi var der og har sett det, så det trur vi dei på.

Utvida

Tronstad grendahus var skulestove på Tronstad i gamle dagar, og rundt 1980 vart det flytta til området ved brua som går over til Kjellstad. Her har det blitt utvida med påbygg mist to gonger, mellom anna med baren Kokartjønna, eit namn etter ein naturattraksjon i Kjellstaddalen.

Nanna Tronstad er leiar i styret for Tronstad grendalag. Ho og styret har måtta takka nei til fleire arrangement i det siste grunna korona-epidemien. Peder Rune, Johan Inge og Sven Roger håper det ikkje går alt for lenge før det meste er tilbake til normalen igjen, og at huset og det topp moderande kjøkkenet kan leigast ut til bruk igjen.

Tronstad grendahus har stor sal og scene, baren Kokartjønna og fleire andre små rom. Her er plass for arrangement med over hundre personar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380