Lokalnytt

Optimist framfor ein sommarsesong

Det var tomme bord og lite å gjere på restauranten til Ramazan Øcal måndag. Og oppstillingsplassen like ved var fri for bilar.

Vi har plassert oss ved eit bord ute på Øcal restaurant på Hellesylt. I lovleg avstand pratar vi med Ramazan Øcal om restaurantdrifta og turistar som ikkje er komne. -Det blir ein rar sommar, men vi skal overleve, seier han.

Ramazan har god tid i dag, det er ingen innom restauranten denne mandagen så langt, sjølv om vi skriv 4. mai. Då skulle det stått fleire bilar på oppstillingsplassen for ferja mellom Hellesylt og Geiranger, og turistar skulle gått ut og inn i restauranten, men i dag er der ingen. Ferja går heller ikkje, for oppstart er fyrst 15. juni er det sagt.

Ferjefri og ingen turist

-Bolsøy skulle gått att og fram på fjorden i ein månad no, og 20 mai skulle Veøy kome inn i ruta. Reiselivet er dødt og slik vil det bli langt fram over sommaren. For vår del kjem vi truleg på 2005 sesongen i omsetning, og kanskje enno dårlegare enn det, men vi skal greie oss, vi skal ikkje gå konkurs. Det seier Ramazan Øcal, eigar og drivar av den populære pizzarestauranten like ved Hellesyltfossen. No planlegg han heilt på nytt for ein heilt spesiell sesong.

Ramazan er optimist og håper å kunne arrangere dansegalla i Hellesylt sentrum også denne sommaren.

Satser på nytt dansegalla

Og for å understreke at framleis rår optimismen så planlegg han for dansegalla i Hellesylt sentrum i juli. Hellesyltdagane er avlyst, og der har Ramazan i fleire år arrangert laurdagsdansen. Om det blir råd og om han får lov etter søknad er han klar for å arrangere dansetreffet med eit populært band på scena også i år. Han understrekar at korona-situasjonen må betre seg og at han må søkje og rette seg etter pålegg.

Tilbyr take-away

-Det blir heilt sikkert mange norske turistar i sommar, men den sesongen varer frå juli og i fire, fem veker, og då er det begrensa kva vi kan ta igjen av det tapte. Korona kom på feil tid av året, hadde epidemien kome for eksempel sist haust hadde vi takla det betre. Men no har vi det over oss som ein bjørn, det vi tente i fjor brukte vi opp til påske. Og påska i år vart ingen ting og dermed vart det ingen ting å drive vidare på heller. I april hadde vi ei omsetning som var 87 prosent lavare enn i fjor.

Så langt har drifta vore elendig og utsiktene er heller ikkje bre, seier han, men Ramazan Øcal gjev ikkje opp. Han vil vere optimist og køyrer på med eit kjøkken i drift kvar dag frå 12.30 til 21.00.

-Det går på take-away, mest til lokalbefolkninga, dei har vore svært flinke å bruke oss, men dei må ringe på førehand og seie frå kva mat dei ønskjer å hente.

Servering 17. mai

Sjølv om det ikkje blir ei tradisjonell 17. mai-feiring vil Ramazan heise flagget og håper å kunne opne restauranten for servering med god avstand mellom borda. Det blir begrensa med kapasitet, men kanskje er det berre bra for det blir knapt med hjelp også. Senior Tahir Øcal «set fast» i Tyrkia og det er uvisst når han kjem seg tilbake til Hellesylt igjen, fortel han.

Senior Tahir Øcal kjem seg ikkje frå Tyrkia til Hellesylt med det fyrste, men utsikta frå stoveglaset i Tyrkia er grøn og frodig.

Han håper Stranda kommune kan hjelpe til å løfte fram reiselivet i kommunen, å framsnakke turistnæringa enno meir. Så langt har ikkje Ramazan fått ei krone av støttepakkane som regjeringa deler ut, seier han. No håper han at kommunen gjer det dei kan slik at også reiseliv og turistnæringa i Stranda får sin del.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380