Lokalnytt

Planlegg opningsfest i september

I løpet av 2020 håper styreleiaren i Ljøbrekkas Vener at turvegen frå Ljøen til Herdal er ferdig restaurert. Då kan det bli offisiell opningsfest, truleg i september.

Det ligg framleis mykje snø i høgda på den populære turvegen over Ljøbrekka, eller Herdalsbrekka om ein vil. Og når snøen er tina bort blir det på nytt folksamt etter den snart ferdig restaurerte turvegen. Berre eit kort stykke til toppen av Brekka står igjen før heile postvegen frå Ljøen til Herdal er ferdig opprusta. Det fortel styreleiar i Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal.

-Eg håper vi kjem i gong og får gjort arbeidet ferdig i sommar. Ei utsetjing av arbeidet er eg ikkje så glad for. Eg har halde på med dette i åtte år no, så no ønskjer eg at vi skal bli ferdig. Men verneforeininga har to utfordringar når snøen tinar bort, å bli samde med kulturavdelinga på fylket om korleis arbeidet skal gjerast på siste stykket, og at sherpaene kjem tilbake. Ei synfaring med representantar frå fylket er bestemt 10. juni, då håper eg vi blir samde. I same månad håper eg at også innreiseforbodet blir lempa på slik at sherpaene kan kome, seier Petter Hjørungdal.

Det var i 2014 at fyrste spadetak med istandsetjing av Den Trondhjemske postvei frå Ljøen til Herdal starta. Heile prosjektet har kosta rundt 11.0 mill kroner, fortel Hjørungdal. Han har mange bidragsytarar på lista der spelemiddlar har betydd mykje i finansieringa. Men også tilskot frå Fylket, miljødirektoratet, kommunen og andre offentlege etatar, og gåver frå private har vore med i spleiselaget, i tillegg til mykje dugnad.

Ljøbrekkas Vener har søkt kommunen om eit tilskot på 300.000.- og også Sparebanken Møre om eit tilskot. Då vil heile restaureringa av den populære turvegen vere fullfinansiert, seier styreleiaren.

I desse dagar blir det sendt ut påminning om medlemskontingenten for 2020. Kontingenten er på 200.- kroner per person, og Hjørungdal håper alle dei vel 300 medlemane fornyar medlemskapet sitt, og gjerne at nye også kjem til.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380