Riggar kunstutstilling i gamalt bedehus

Verdsarvutstillinga som i 2018 vart opna på Hægstad Gård på Hellesylt er no flytta og blir rigga på nytt i det gamle bedehuset på Hellesylt. Utstillinga blir opa for innsteg for publikum tidleg i juni.
Etter fleire idemøter mellom bygdefolket i Sunnylven vart det laga ei Verdsarvutstilling på Hægstad Gård i 2018. Utstillinga skulle vere inspirert av natur og naturens element, og bygda Sunnylven si historie. Designar Anne Jorun Sæten la fram eit utkast som vart vedteke, der natur, menneske, målarar, diktarar, kvardagslivet og det daglege arbeid gjennom fleire hundre år vart vist. Utstillinga fekk støtte økonomisk av mellom anna Geirangerfjorden Verdsarv og Sparebanken Møre.
Det vart ei flott og talande utstilling som fekk rosande omtale, men to år etter var det slutt for kunstsenteret i Hægstad Gård.
Ein kunstskatt
No har Bedehusets venneforeining teke initiativtakar til å få etablert utstillinga på nytt i bedehuset på Hellesylt, eit hus som har stått ubrukt i fleire år. Venneforeininga har rydda vekk uønska inventar, og hyra inn dei same som i 2018 monterte opp dei mange elementa som vart ein kunstskatt for bygda. Bilete, plansjar med utfyllande tekst, og bruksting frå eldre og nyare tid blir no sett saman på nytt med Anne Jorun Sæten som koordinator, og med dyktige medhjelparar i mannen Helge Lilletvedt og TV-kjendis Einar Nilsen.
Også mange lokale hjelparar
-Vi er veldig glade for at vi kan bruke bedehuset, få synt fram utstillinga som mange har kome med idear til og som har blitt støtta økonomisk. Sjølv om lokalet ikkje er så stort, vil vi få med dei vitigaste elementa frå det opphavlege. Lokalet her i bedehuset og utstillinga blir opa dagleg for publikum, slik som i kyrkja der folk kan gå inn og ut, sjå på bileta og lese seg opp frå plansjar, seier Anne Jorun Sæten. Ho rettar stor takk til fleire lokale personar som har hjelpt til mykje i arbeidet med utstillinga, utan deira hjelp hadde alt blitt mykje vanskelegare, seier ho.
Dans til Kjellstadslåttar
Hellesylt.info var innom lokalet der arbeidet med montering gjekk for fullt. Og vi møter det same storslagne landskapet i bilete som før, lysveggen med utsyn frå Nokkenibba og det fjellandet som imponerte mellom anna ordføraren stort under opning 13. mai for to år sidan, like ved ser Henrik Ibsen mot oss og «talar» sine visdomsord, på motsett vegg og bak diktaren Ivar Ringdal og andre kunstnarar med same etternamn ser vi avtrykk av vakre Sunnylven kyrkje. Og har ein enno meir tid kan ein sjå bilete og lese seg opp om folk, hendingar, glade ting og ulykker opp gjennom åra i Sunnylven. Kanskje får ein lyst til å svinge seg litt også på det grå og sletne bedehusgolvet, for her spelar fela Kjellstadslåttar.
Vi såg at Anne Jorun Sæten og hennar gode medhjelparar får det til. Verdsarvutstillinga i det gamle bedehuset på Hellesylt bør avgjort få eit besøk av mange i sommar.