For 35 år sidan

Russeavis – pengar til godt formål

To av russen frå Sunnylven. Frå v.: Rune Hole, som er blåruss, og Olav Elling Gausdal som er raudruss.

Ut på formiddagen gjorde ein del av russen på Stranda sitt innrykk på Hellesylt for å selje sine aviser. Vestborg- russen var ute før 17. mai, medan dei raude og blå frå Stranda v.g. skule selde »Utrøna» på frigjeringsdagen. Ei innhaldsrik avis, som fekk godt sal. Rundt 150 eksemplar rekna dei med å selje her, og overskotet skal i år gå til revmatikersaka.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info