LokalnyttLokalsport

Satsar på digital registrering av trimturar

Skaret.

På bakgrunn av Korona-situasjonen har Sunnylven IL bestemt seg for å gå vekk frå trimbøker på dei ulike trimpostane som trimgruppa administrerar. Trimgruppa vil forsøke seg på digital registrering av trimturane. Som Stranda og Hornindal vil dei bruke app’en GeoReg. Det betyr at du kan bruke denne app’en også til registrering på deira sine trimpostar.

Systemet baserar seg på at deltakarane har ein smarttelefon med ein app som gjer det mogleg å enkelt registrere trimpostar i ein database. Systemet er spesielt utvikla med tanke på «Fjelltrimmen» og «Familieorientering» som vert arrangert av dei fleste turlag rundt omkring i Norge.

Parallelt med dette oppfordrar trimgruppa  til å bruke Sunnylven IL sine trimskjema. Bruken av trimbøker vil bli revurdert når Korona-krisa er over.

Pr. 3. mai er følgande trimpostar lagt inn.

Postar registrert i GeoReg pr. 3. mai.

Dei resterande postane vil bli lagt innfortløpande. Om du er på ein trimpost som ikkje er registrert i GeoReg så gjer vel å ta skjermbilde av GeoReg som viser koordinatane og send desse til trimgruppa ved Gunnar Fivelstad på epost: gunnar.fivelstad@stranda.kommune.no slik at ein får registrert trimposten i systemet.

Registrering av brukar.

Gå inn på https://www.georeg.no

Velg Registrere.

Registrering av brukar.

Fyll ut alle obligatoriske felta i skjema :

Fyll ut brukarinformasjon.

Ein kan velje å hake av for : vis meg «som anonym».

Då vil du opptre som NN i alle resultatlister, men som ein konsekvens får du heller ikkje sjå namna på andre deltagarar i oversiktslister.

Trykk deretter «Registrer meg».

Du vil då få tilsendt passord på oppgitt epost-adresse. Brukarnavnet ditt er mobilnummeret.

Installasjon av APP – GeoReg.

Søk opp og last ned app til telefon frå AppStore eller Google Play.

Skjermbilde frå AppStore.

Start app og logg på med den brukarinformasjon som du fekk oppretta i stega over.

Registrering av post.

Når du kjem til ein post som er registrert i GeoReg startar du appen og trykkjer «Registrere».

Registrering av trimtur.

Du vil då få ei «kvittering» på at ditt besøk på den aktuelle posten er registrert og i tillegg informasjon om kven som sist har besøkt posten.

For å kunne registrere posten må du vere tilstrekkeleg nær – Innanfor ca. 100 meter frå trimposten. Når posten er registrert vil du ikkje kunne registrere denne posten igjen før etter 5 timar.

Du kan logge deg inn på https://www.georeg.no og følge med på alle dine registreringar:

Informasjon om dine trimturar.

Ved å klikke deg inn på ditt eige namn får du oversikt over alle turane du har registrert.

Dersom du har pro-versjon av GeoReg kan du klikke deg inn på Sunnylven IL og sjå alle registreringar som er gjort på postar som høyrer idrettslaget til.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info