Lokalnytt

Søkjer støtte til utbetring av kløvveg

Her går kløvvegen heilt på kanten av det 150 meter høge juvet.

Gjennom Stranda kommune har Sunnylven IL, trimgruppa søkt Fylkeskommunen om tilskot til vedlikehald og utbetring av den gamle kløvvegen over Vardegjelet mellom Frøysa og Hole. Søknaden må godkjennast av Friluftsrådet.

Stranda kommune står som prosjekteigar og har i samarbeid med trimgruppa i Sunnylven IL sendt ein søknad om tilskot til tiltak og vedlikehald av den gamle kløvvegen over Vardejuvet, frå Rindekroken på Frøysa til Hole bru.

I søknaden blir prosjektet godt belyst, ein gamal bygdeveg som etter vegomlegginga i 1941 vart til gang og sykkelsti, og ikkje lenger nytta for motorisert ferdsel.

Det som gjer stien spesiell er at den går ved sida av elva som her renn i eit ca 70 m (?) djupt elvegjøl, og som ein ser frå toppunktet av stien. Etter kvart har fleire nyttar stien som tur- og trimsti, men eit visst vedlikehald har no meldt seg, spesielt rydding av vegetasjon.

Naturen har vist krefter. Her er det ei stor gran som har gjeve tapt.

Prosjektet vil omfatte følgjande hovudelement: – Rydding av vegetasjon, spesielt der denne sprengjer dei flotte vegmurane – Reparasjon og reinsk av veggrøfter for å unngå erosjon av vegen og ettersyn av stikkrenner – Etablering av rasteplassar med benkar og område for grilling – Oppsett av sikringsgjerde på utsiktsplatået – Skilting. Slike tiltak vil gjere den gamle bygdevegen frå 1875 enno meir attraktiv og til glede for både bygdefolket i nærmiljøet, for skule og barnehage, og ikkje minst for turistar, skriv søkjaren, og legg til;

-På sikt kan det også vere aktuelt å forlenge stien slik at den vert lagt innom den kjende Danefossen på Frøysa, Frøysafossen og kvelvingsbrua på Frøysa.

I søknaden blir det vist til andre eksempel der utbetringar av gamle tur –og ferdselsårer har ført til auka bruk av folk i alle aldersgrupper. Flofjellvegen frå Vollset i Sunnylvsbygda til Flo i Stryn er døme på det.

Maurtuver er der fleire av langs den flotte turvegen.

Etappa Frøysa – Hole over Vardegjelet vil gjere sykkelturisme i området enno meir attraktiv enn i dag, står i lese under Resultatmål i søknaden.

Med dei vedlikehaldstiltak som er rekna opp, leige av traktorarbeid, skogrydding og skilting er kostnaden berekna til 168.500.- Det blir søkt om halve beløpet i tilskot, resten skal finansierast gjennom dugnadsarbeid, går det fram av søknaden.

Skogen kjem tett på fleire stader og bør ryddast vekk.
Skog kan også vere vakkert. Her eit idyllisk parti i bjørkeskog.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380