STOR SKADE PÅ BUSTADHUS l FRØYSADALEN

Brannbilen i SunnylVen er 22 år gammal, og snart mogen for utskifting. Under brannutrykkinga laurdag vart det så stor varmeutvikling i motoren at bilen måtte setjast att nede i bakkane i Frøysadalen.

Våningshuset til Borghild og Alf Frøysadal fekk store skader i ein brann laurdag i middagstida. Utanom det som eld og røyk øydela, vart det og store vannskader i huset i samband med sløkkingsarbeidet. Brannen vart meldt om lag klokka halv ett og brannstellet frå Hellesylt var raskt framme med brannsprøyta og fekk elden under kontroll. Like eins rykte brannstellet på Stranda ut og var på staden om lag halvtimen etter. Men brannbilen frå Hellesylt kom ikkje fram. I siste motbakkane vart det varmeutvikling i motoren på den 22 år gamle bilen, og motoren måtte skumleggast og bilen setjast att nede i bakkane.

Våningshuset til Borghild og Alf Frøysadal fekk store skader innvendig etter brannen laurdag. Særleg var vasskadene store. Brannen tok til i kjellaren, etterat det var fyrt opp i ein omn der.

BRANNEN BYRJA I KJELLAREN

Brannen tok til i kjellaren. Her vart det fyrt i ein gammal omn, og då folk på garden ei stund seinare kom inn i kjellaren, var der eld laus. Alle i huset kom seg snøgt ut, og handla heilt korrekt med å varsle brannen med ein gong og halde dører og glas attletne. Likevel spreidde elden seg opp i første etasje, og det vart gjort betydelege skader av eld , røyk og vatn i dei to leiligheitene i huset, der også Arvid Frøysadal og kona bur. Husa på garden står tett, men det- var ikkje fåre for at elden skulle spreie seg vidare. Og brannstellet frå Stranda hadde og med røykdykkar som gjekk over romma i kjellaren for å kontrollere at all varme var skikkeleg sløkt.

Torgeir Sylte og mannskapet hans frå Stranda var imponerande raskt på staden. Sylte gjekk inn i kjellaren i røykdykkarutstyr, for å sjå til at alt vart sløkt.

SPØRSMÅLSTEIKN VED BRANNUTSTYRET

På Hellesylt har det dei siste vekene vore tre brannutrykningar, og desse har vist at det no er trong for betre utstyr til brannstellet på Hellesylt. Den 22 år gamle brannbilen held ikkje mål lenger, og ein god del av det øvrige utstyret treng og fornyast, Ved brannen i Frøysadalen laurdag, var det brannsprøyta som vert køyrt ut på ein biltilhengar som redda situasjonen. Hadde ein måtte venta på brannstellet frå Stranda før ein kunne starte sløkkinga, ville omfanget av brannen blitt eit heilt anna. Det er trass alt 4 mil frå Stranda og fram i Frøysadalen. Eller som ein av dei friviljuge i brannstellet sa det til oss:- Vi vil alltid vere fram mot 20 minutt før andre ved ei brannutrykning på Hellesylt. Og tenk på kva skade ein brann kan gjere på desse 20 minutta om vi ikkje får utstyret fram til brannstaden.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen 15. mai 1985.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info