Sunnmorscupen i fotball- SØLV – SUKSESS FOR SUNNYLVSJENTENE

Sunnylvsjentene, saman med sin trenar Ole Aasen, jublar etter finalen. I denne turneringa var sølv ikkje noko nederlag. (Klikk på bildet for større versjon).

Våre store gratulasjonar til jentelaget til Sunnylven IL for flott innsats i årets Sunnmørscup i fotball. Her kom Sunnylvsjentene heilt til finalen, etter å ha vunne alle dei fem kampane til og med semifinalen utan å sleppe inn eit einaste mål. I ein ulideleg spanande finale måtte jentene til slutt gje tapt for Oslo-laget Bøler med 1-0. Men den scoringa kom berre 40 sekund før slutt i 2. ekstraomgang ! Og etter ei stund var ingen lei seg for finaletapet. Dei jubla heller stort for vel fortente og høgst uventa sølvmedaljer. Og heime venta velkomstfest på samfunnshuset.

FINALETAP MOT BØLER ETTER KJEMPEINNSATS

Finalen for jenter i Sunnmørscupen vart uhyre spanande, og skal det seiast nokon gong, må dette vere kampen der ingen ting var avgjort før dommaren bles av kampen. Sunnylven gjekk hardt ut og tok initiativet frå start. Det næraste scoring dei kom i opninga var imidlertid eit hjørnespark. Etter kvart kom Bøler betre med og hadde store målsjansar i det 8. og 12. minutt av første omgang. To gonger var dei så framme og fekk hjørnespark som det ikkje vart teljande resultat av.

Den største sunnylvssjansen fekk så Brit Rusten. Etter ei fin pasning gjekk ho mest frå midtbanen og inn mot mål. Men skotet hennar frå ein pressa situasjon, gjekk like utanfor. Også andre omgang vart jamnspela. Sunnylven fekk eit tidleg hjørnespark, men Linda Tryggestad skaut like utanfor. Så kom Bøler med to gode angrep, der skota gjekk over. Etter ordinær tid stod det så uavgjort 0-0, og reglane  tilsa ekstraomgangar. Også i desse opna Sunnylven best. Eit hjørnespark gav ikkje teljande resultat, og ein stor sjanse oppstod like etter. Men då strauk eit skrått skot like utanfor. Det såg ut til å ende uavgjort, då det berre stod snaue minuttet att av 2. ekstraomgang. Men så fekk Bøler tildelt frispark like utanfor 16- meteren. Skotet var hardt og gjekk inn like under tverrliggaren, utan sjanse for Lene Ringdal i Sunnylvsmålet. Dermed siger 1-0 til Bøler, som kunne juble over sigeren. Men det tok ikkje lang tid for sunnylvsjentene å innsjå at sølv i denne turneringa med 12 gode jentelag ikkje var noko nederlag.

Og dei kunne juble over vel fortente og overraskande sølvmedaljer. Gjennom heile turneringa var laginnsatsen ypperleg hos jentene, og vi skal ikkje trekke fram nokon einskild. I finalen vart det frå arrangørane delt ut ein premie til beste spelar på kvart av finalelaga. Kruset som beste sunnylving fekk Kristin Storstein. Dommar i finalen var Johan Kristiansen, Aksla.

Bente Sandø, formann i damekomiteen, gjev bestemannsprisen på Sunnylven sitt lag til Kristin Storstein etter finalen.

FEM SIGRAR I INNLEIANDE RUNDER

Sunnylvsjentene gjorde ein imponerande innsats i dei innleiande rundane i årets Sunnmørscup. Fem sigrar av fem mogeleg stod dei med før finalen, og det utan å ha sleppt inn eit einaste baklengsmål også !

1-0 OVER SPJELKAVIK

Første kampen gjekk fredag mot Spjelkavik. Her hadde sunnylvsjentene eit godt grep om heile kampen, men det vart med ei scoring. Målet sette Sissel Ringdal inn 7 minutt ut i første omgang.

2-0 OVER RAVN

I første kampen laurdag hadde Ravn eigentleg aldri nokon sjanse til siger. Det vart til slutt 2-0 siger til Sunnylven. Begge måla laga Brit Rusten. Det første på eit langskot frå 20 meter. Det andre då ho utnytta ein forsvarstabbe.

SVELGEN TAPTE OG 2-0

I den siste innleiande kampen i første runde møtte Sunnylven Svelgen; og også her vart  sluttresultatet 2-0 til Sunnylven. Det første målet kom då Sissel Ringdal la inn ein ball som ein forsvarar beina i eige mål. Tre minutter etter dette, ordna Solgunn Nybø sigeren med eit velplasert skot, nede ved stolperota.

FAT FOR PULJESIGER

For denne puljesigeren fekk jentene eit fint fat på sokkel m/ inskripsjon. Dei andre resultata i denne pulja var:

Spjelkavik – Svelgen 1-1
Spjelkavik – Ravn 0-0
Svelgen – Ravn 0-0

Tabell:

Sunnylven          6
Spjelkavik           3
Svelgen                2
Ravn                     1

Også det laget Sunnylven skulle kome til å møte i finalen, Bøler, gjekk ubeseira gjennom dei innleiande rundane.

SLO AaFK I KVARTFINALEN

Sunnylven rekna med ein vanskeleg kamp i kvartfinalen mot arrangørlaget AaFK. Men det skulle vise seg at Sunnylven hadde god kontroll også på denne kampen. Einaste målet og siger ordna Linda  Tryggestad. Line Høgalmen slo inn eit frispark som Linda kaldt sette mål.

Andre resultat i kvartfinalen:

Guard- Van.kam 1-3
Herd – Dale 3-1
Bøler – Spjelkavik 2.0

SIGER I SEMIFINALEN

Semifinalekampen mot Van.kam gjekk tidleg på føremiddagen, og det var ein oppglødd trenar Ole Aasen som på telefonen kunne berette at Sunnylven var i finalen. Van.kam vart slegne 1.0, og på ny var Linda Tryggestad målscorar etter eit fint gjennomspel frå Line Høgalmen.

VELKOMSTFEST PÅ SAMFUNNSHUSET

På samfunnshuset vart det skipa til velkomstfest fot jentene då dei kom heim. Flagget til topps og blomar til trenar og lagleiar Ole Aasen. Musikk, brus og pølser, kaker og kaffi vanka det og, samt hjartelege gratulasjonar. Ei tilstelning som rørte jenter visste å setje pris på. Knut Tryggestad gratulerte på vegne av styret i SIL, og på vegne av laget takka kapteinen, Kristin Hole.

Ein jublande glad trenar Ole Aasen, med velfortente blomar under flagget, som gjekk til topps

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen 31. mai 1985.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info