Lokalnytt

Tilbyr innsamling av skrapmetall

Stranda Gjenvinning og Transport under innsamling av metallavfall på Hellesylt.

Landbruk Nordvest legg opp til innsamling av skrapmetall i mai / juni. Det blir plassert ut conteinarar som metallet kan kastast i.

Rundt om i landbruket står gamle reiskap, maskiner og anna metallavfall som ikkje er i bruk, men plassert vekk i ein utkant, i skogholt eller andre stader. I fjor vart samla inn store mengder med gamle reiskap og anna skrap. Landbruk Nordvest fekk svært god respons på tiltaket, og i år blir det eit liknande opplegg i samarbeid med lokale renovatørar og selskap som driv med mottak av metall, skriv Landbruk Nordvest i e-post. 

Landbruk Nordvest tilbyr eit liknande opplegg denne våren der innsamlinga vil foregå i mai / juni, og skriv vidare at det vil bli utplassert conteinarar på anviste plassar. Desse vil stå ute i ca. 14 dagar der metallet kan kastast gratis.

Ein conteinar har begrensa plass. Om det er større ting som traktorar, gravemaskiner og liknande må eigar ta kontakt med mottakar for å avtale levering og transport. Det same gjeld om ein kunde har svært mykje metallavfall han ønskjer å levere.

Landbruk Nordvest samarbeider med lokale firma om transport, i Stranda kommune med SGT. Marit Bjerkeset i Landbruk Nordvest seier at dei som ønskjer å nytte seg av ordninga kan ta kontak med henne og få opplysningar om kvar conteinarar blir utplassert og kvar skrapmetall kan leverast denne våren.

 Landbruk Nordvest v/Marit Bjerkeset,
Økonomileder, Landbruk Nordvest
Fannestrandvegen 63, 6415 Molde
Mobil: +4741568710

marit.bjerkeset@nlr.no<mailto:marit.bjerkeset@nlr.no>
nordvest.nlr.no<http://www.nordvest.nlr.no>

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380