Tilskot til bevaring og stell av natur

På garden Åsen i Sunnylven har grunneigar rydda skog for å få fram ein steingard i byte mellom dyrkamark og utmark. Eit døme som det kan søkjast tilskot på.

Å ta vare på kulturlandskap og andre serpreg fremjar opplevinga av å ferdast i natur. Til slike rydde –og bevaringsarbeid kan det søkjast økonomisk støtte om ein kjem inn under ordninga

For å styrke landbruket i Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap –Geirangerfjorden kan ein søkje tilskot til tiltak der ein tek vare på og tilrettelegg for opplevingar og spesielle kulturminne.
Tilskot i form av økonomisk støtte skal medverke til å oppretthalde, ta vare på og få fram kulturlandskapet sin verdi, hindre attgroing og skape ei opa og opplevingsrik natur med kulturelle attraksjonar.

Målgrupper som kjem inn under tilskotsordninga;
*Grunneigarar eller drivarar
*Registrerte landbruksforetak
*Organisasjonar
*Foreiningar eller lag
*Andre som medverkar til å fremje formål og bevaringstiltak

Tiltak som det kan søkjast på;
*Restaurering og skjøtsel av areal
*Istandsetjing, vedlikehald og bygging av kulturminne
*Tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv
*Formidling
*Naudsynt planlegging av tiltak
*Kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdi
*Kartlegging, skjøtsel og sikring av natur og kulturminneverdi

Som ein ser er det fleire tiltak det kan søkjast støtte til. Om søkjar ikkje er grunneigar (foreiningar eller lag) må det gjerast avtale med grunneigar for at tilskot kan innvilgast. Sjå elles rettleiingshefte her:Lenke til rettleiingshefte (PDF, 354 kB)
Ansvarlege for behandling av tilskot er Stranda kommune. Ta kontakt med næringssjef Inge Bjørdal, e-post: inge.bjordal@stranda.kommune.no. mob: 464 11 023  for utfyllande informasjon. Søknadsfrist er 01. oktober 2020.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380