TRAVEL DAG FOR SKULEKORPSET OG STOR DAG FOR ASPIRANTANE.

Bildetekst: 17. mai vart ein stor dag for dei unge musikarane i aspirantkorpset. Då gjekk dei i tog saman med skulekorpset, og her på biletet spelar dei ei eiga avdeling framfor samfunnshuset. Og reint og presis let det …

Også denne 17. mai- dagen vart lang, og travel for dei dyktige skolemusikantane. Tidleg om morgonen var dei rundt og gledde folk i bygd og dal med musikken sin. På denne turen var Arnfinn Tryggestad leiar for dei, då dirigenten, Jan Espe, fyrst kunne kome frå Hornindal til barnetoget. Her gjekk dei i spissen for det store toget og spela feiande marsjar. Ved aldersheimen stogga barnetoget, og dei mange pensjonærane og tilsette, som i det fine veret hadde sessa seg framfor heimen, vart helsa med musikk og hurrarop. Skulekorpset opna og folkefesten om ettermiddagen, og gjekk i spissen for folketoget til kyrkja, der det i år var sokneprest Solemdal som heldt preika.

For aspirantkorpset var det og ein stor dag. Dei gjekk i toget rett etter skulekorpset, og ved samfunnshuset spela dei så ei eiga avdeling med songar. Reint og fint let det, og held desse fram like godt som dei har byrja, er skulekorpset sikra god rekruttering i åra som kjem. Dirigent for aspirantkorpset, som tel ein 13-14 aktørar, er Ola Fivelstad.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info