For 35 år sidan

«Årets villmarking 1985» – Lilli-Karin Ljøen til finalen.

Lilli- Karin Ljøen har gjort ein kjempeflott innsats i dei innleiande rundane i tevlinga om «Årets villmarking 1985». Ho skal delta i finalen no i helga.

I tevlinga om tittelen «Årets villmarking 1985» er Lilli-Karin Ljøen komen til finalen i dameklassa. Til helga skal 10 menn og 10 kvinner møtast på Haugseter i Jotunheimen, der finalen skal avviklast. Medan oppgåvene i dei tre innleiande rundene har vore teoretiske spørsmål om alle sider ved villmarkslivet, vil finalen bli lagt opp med praktiske prøver, der mellom anna fisking og jakt inngår. Det er bladet » Villmarksliv» som står hak tevlinga, som har samla deltakarar frå heile landet.

Alle deltakarane i tevlinga har gått gjennom tre innleiande rundar med til saman 56 spørsmål. Spørsmåla handla om alle sider ved villmarkslivet, som jakt, fiske, kjennskap til våpen og fiskeutstyr, gjennkjenning av dyr og fuglar og kunnskap om di lover og reglar for jakt, fiske og ferdsel i naturen. Vanskegraden var til dels svært høg. Fleire av spørsmåla kunne du ikkje finne svar på sjølv i store oppslagsverk. Lilli-Karin Ljøen har såleis gjort ein stor prestasjon med å kome til finalen, der ho ligg på 9. plass framfor den meir praktisk-orienterte prøva på Haugseter.

Om det ikkje skulle lukkast for Lilli- Karin Ljøen å klatre vidare oppover på premielista, får likevel både ho og dei andre finaledeltakarane ei høgt hengande utmerking – eit  diplom som er særskilt laga for  denne tevlinga, og som det maksimalt vert delt ut ti av i kvar klasse pr. år.

Vi ønskjer Lilli- Karin Ljøen lukke til med finaledysten på Haugseter.

Denne artikkelen stod i Sunnylvingen 26. juni 1985.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info