Lokalnytt

Årsmøte i Storfjordens Venner

I fjor vart Storfjordstemne halde på garden Stokke i Oaldsbygda. I år blir stemnet avlyst grunna korona-epidemien.

Torsdag 4. juni held Storfjordens Venner årsmøte på Storfjord kulturhus. På saklista står vanlege årsmøtesaker med val.

Årsmøte skulle vere 21. mars, men vart utsett. Det er no fastsett ny dato og årsmøtet vert gjennomført på Storfjord Kulturhus på Stranda, torsdag 4. juni kl 18.00. Møtet vert i kultursalen for ivareta kravet om avstand mellom dei som er til stades. Det vert enkel servering i forkant av årsmøtet. Saman med denne informasjonen ligg sakliste for årsmøtet, styret si årsmelding for 2019, rekneskap 2019 og arbeidsplan og budsjett for 2020.

Storfjordens Venner hadde ved årsskiftet dette medlemstalet;
Enkeltmedlemer 668
Familiemedlemskap 68
Bedriftsmedlemskap 11

Inge Bjørdal har vore leiar i styret og Randi Sæter nestleiar i 2019. Begge er frå Sunnylven. Andre i hovudstyret har vore;
Styremedlemer:
Mette Marie Døving, Fjørå
Nils Roger Matvik, Fiskarstrand
Olav Bratland, Stordal
Jenny Smoge Sævik, Leinøy
Reidar Furset, Stranda

Varamedlemer:
Elin Smoge, Valldal
Anne Giskemo,Geiranger
Arne Olav Furstrand, Sykkylven.

Leiar prosjektgruppe: Odd Normann Hoff, Stranda kommune Leiar gruppe forhistorie –og formidlingsarbeid: Bjørn Steinar Skarbø, Ørskog

Leiar for Strandsitjarmonument: Finn Helge Nustad, Eidsdal

Leiar dugnadsgruppe Ytste Skotet: Geir Ola Vatne, Skodje.

Under sommarstemnet på garden Stokke i Oaldsbygda 2019 vart to nye æresmedlemer utnemt. Det var Jens Petter Søvik og Tor-Einar Amdam.

Inge Bjørdal, Sunnylven har vore leiar i Storfjordens Venner det siste året. Her mellom to nye æresmedlemer i organisasjonen, Jens Petter Søvik t.v. og Tor-Einar Amdam.

STORFJORDSTEMNET i 2020

Storfjordstemnet 2020 var planlagd å vere i Osvika søndag 7. juni. Grunna den rådande situasjon med korona-virus og restriksjonar som følgjer av dette, har styret vald å avlyse årets stemne. Det ville ikkje vere mogeleg å gjennomføre på fastsett dato og utsetting var heller ikkje noko aktuell løysing. Stemne på ettersommaren ville, utifrå den informasjon som no føreligg, også vere vanskeleg å få til. Difor ønskjer vi vel møtt til Storfjordstemne 2021 i Osvika! Stemnet vil som vanleg vere først i juni.

FELLESTURAR

Det var planlagd i alt fire fellesturar til fjordgardar, to på forsommaren og to på ettersommaren. Turane på forsommaren er avlyst. To turar i august/september vert gjennomført så sant korona-situasjonen ikkje endrar seg og reglar for arrangement igjen vert skjerpa. Kvar og når turane skal gå er ikkje heilt bestemt, men det er ganske sikkert det vert tur til Verpesdalen. Der har Storfjordens Venner nyleg gjennomført eit restaureringsprosjekt. Det kjem nærare informasjon om turane når tida nærmar seg. Då vert det også opna for påmelding

RESTAURERINGSPROSJEKT

Storfjordens Venner har denne sommaren planlagd følgjande arbeid- – Murar i Smogelia. Framhald av arbeid med husmurar og forstøtningsmurar – Løe på Ytste Smoge. Restaurering av større løebygning. Arbeid vil gå over fleire år. – Sel på Vikasætra. Arbeid spesielt på murar som er dårlege, men også litt anna restaurering. – Bygg over overvasshjul på Smoge. Dette er eit mindre bygg som vert sett opp att til erstatning for bygg som har falle ned.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380