Lokalnytt

Attval av leiar i Storfjordens Venner

Inge Bjørdal held fram som leiar i Storfjordens Venner. Her under Sommarstemne på Stokke i Oaldsbygda i 2019.

Storfjordens Venner heldt sitt årsmøte på Storfjord kulturhus 4. juni. Inge Bjørdal frå Sunnylven held fram som leiar i styret for organisasjonen.

Vi har tidlegare skrive om nokre av sakene under årsmøtet 2020, om den gode aktiviteten, og mellom anna kva restaureringsprosjekt som er planlagt i år.
Fellesturane på forsommaren er avlyst, men i august/september kan det bli tur til Verpesdal så sant korona-situasjonen ikkje forverrar seg, heiter det.
Storfjordstemnet 2020 er avlyst på grunn av epidemien som har herja. Storfjordens Venner hadde knappe 800 medlemer siste året.

På årsmøtet kom valnemnda ved Gro Anita Bårdseth, Helge Søvik og Kjell Løseth med framlegg til hovudstyret som vart vedteke samrøystes.

Leiar, Inge Bjørdal, Sunnylven
Nestleiar, Randi Sæter, Sunnylven
Styremedlemer:
Nils Roger Matvik, Fiskarstrand
Elin Smoge, Valldal
Reidar Furset, Stranda
Arne Furstrand, Sykkylven
Reidun Helsem, Stranda

Varamedlemer:
Mette Marie Døving, Valldal
Anne Giskemo, Geiranger
Jens Petter Søvik, Straumgjerde

Revisorar:
Stein Ivar Krohn
Stig Tryggestad

Uklart om Ytste Skotet

Inge Bjørdal tek fatt på sitt andre år som leiar i Storfjordens Venner. –Det er høg aktivitet i organisasjonen, så skal du vere «på ballen» heile tida er det krevjande. Det har gått bra, men no har det kome opp ei sak som kan bli ekstra, ekstra utfordrande, nemleg at garden Ytste Skotet skal i ein såkalla konsolideringsprosess leggjast inn under Sunnmøre museum. Det synest vi lite om, og det blir ei sak som er ekstra viktig for oss. Ytste Skotet er fyrtårnet vårt og vi likar lite at vi skal miste styringa her. Det kan lett gå ut over mellom anna dei mange timane som årleg blir lagt ned i dugnad for å halde garden i god hevd. Her må det vegast fordeler og ulemper før ei avgjerd blir teken, seier Inge Bjørdal. Meir vil han ikkje seie om saka på noverande tidspunkt.

Rundt 30 medlemer møtte på årsmøtet i Storfjordens Venner. Organisasjonen hadde i 2019 knappe 800 betalande medlemmer av enkeltpersonar, familiemedlemer og bedrifter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380