Avgangselevar ved Sunnylven skule

Det var få avgangselevar i år, men flotte representantar for Sunnylven skule. To jenter og to gutar fekk sine vitnemål under ei tilstelling ved skulen onsdag 17. juni.
Det blir ikkje tradisjonell sommaravslutning ved Sunnylven skule i år grunna korona-epidemien. Det vart heller ikkje klassetur for avgangselevane, men onsdag kveld vart det pizza og anna god servering. Saman med føresette og lærarar markerte Renate Grov Øksvang, Sofie Kvamme Knutsen, Olai Sætreås Kristoffersen og Isak Elias Frøysadal Hauge at ti år ved Sunnylven skule var over. Her fekk dei sine vitnemåla, og i tillegg gode ord vidare «på vegen» frå rektor. Kontaktlærar for den vesle, men fine klassa har vore Liv Norunn Langeland Runde.
Til hausten blir det ny skulegang fekk vi oss fortalt av dei fire. Renate og Sofie skal til Stranda vgs. og helsefag, Olai satsar på elektro ved Borgund v. skule, og på same læringsstad skal Isak gå bygg og anlegg for å bli rørleggar. Flott å bli fortalt av unge at dei har mål dei ønskjer å realisere i livet.