Lokalnytt

Det store andesleppet nærmar seg.

Arrangør av andesleppet Hellesylt UL hadde salsstand i Hellesylt sentrum søndag. Her er det Geir Støverstein t.v. og Knut Dag Langeland som noterer det Kari Hauso Stadheim håper er vinnarlodd

Lodd på ender har gått bra. Godt over tusen ender er selde så langt, men salet held fram ei veke til.

Det er søndag 5. juli klokka 16.00 at startskotet smell for årets store andeslepp i Hellesyltfossen. Sjølv om Hellesyltdagane vart avlyst går andesleppet som vanleg.

På stand i Hellesylt sentrum og på vipps har det blitt selt bra med lodd så langt, får vi opplyst. Det starta svært bra, men så dabba salet litt den andre veka. Framleis er det ei veke igjen og der er enno sjanse til å kjøpe andelodd til 50.- kroner heile veka. Husk å skriv namn om du kjøper på vipps nummer 569925, der er siste mulegheit innan utgangen av torsdag 2. juli for at arrangøren skal få fram namnet til kjøpar. Ved frammøte på Hellesylt kan ein kjøpe laurdag 4. juli og nesten heilt fram til konkurransen startar søndag.

Det blir selt inntil to tusen lodd, og premiering er som tidlegare år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380