Lokalnytt

Endra føresetnader håp for småkraftutbygging


NVE gjorde grundig sakshandsaming før dei gav konsesjon til tre småkraftverk i Sunnylven i 2017, mellom anna var folk frå NVE, fallrettseigarar, søkjar/utbyggar og Stranda kommune på synfaring i Haugedalen.

I februar i år sende Stranda kommune ein førespurnad til NVE og bad om eit svar på om tre småkraftverk som fekk konsesjon inndrege av Olje –og energidepartemantet kunne søkje på nytt. Vedtaket kan fagetaten ikkje gjere om.

For nokon år sidan gjekk NVE inn for konsesjon til Stranda Energi om å bygge tre småkraftverk i Sunnylven, Langedalselva, Hauge og Røyrhus i Stranda kommune. Det var ei grundig utredning av fagorganet med mellom anna synfaring området. Etter klagehandsaming i olje- og energidepartementet vart det berre Røyrhus som framleis har gyldig konsesjon i dag.

Avslag på kraftleidning

Bakgrunnen for avslaga var mellom anna samla belastning, og skjemmande naturinngrep. For å knytte småkraftverka til kraftnettet, søkte SFE Nett om å oppgradere 66 (132) kV leidningen Tryggestad-Tomasgård. Konsesjon til dette blei gitt med vilkår om at det måtte knytast til 8,4 MW ny kraftproduksjon for å bygge leidningen.

Sidan to av småkraftverka fekk avslag kunne ikkje desse vilkåra bli oppfylt slik at leidningen blei bygd. I brev til NVE peikar Stranda kommune på at det ikkje er lønnsamt å bygge det tredje kraftverket fordi det ikkje er nettkapasitet til å forsyne all krafta ut på nettet.

Spør om ny konsesjonsrunde

I brevet spør Stranda kommune om kva som skal til for å gjere om på avslaga på konsesjonssøknadane for Langedalselva og Hauge kraftverk, og om vedtak om nullutslepp i verdsarvfjordane er å anse som et sterkt argument for å ta opp igjen konsesjonssøknadane til ny sakshandsaming.

NVE viser til at vedtak frå Olje- og energidepartementet er å sjå på som endeleg, og kan ikkje gjerast om på. Dei skriv det er mogleg å søke om det same kraftverket på nytt, men det må vere gjort vesentlege endringar i prosjekta for at NVE skal ta ein slik søknad til handsaming. -Så med bakgrunn i Olje- og energidepartementets grunngjeving for avslaga, vurderer NVE det som lite sannsynleg at vi vil kunne ta slike søknadar for desse prosjekta til ny handsaming, skriv NVE i svaret, men legg likevel til;

-Når det gjeld dei endra føresetnadane knytt til at verdsarvfjordane skal vere utsleppsfrie innan 2026, så er dette politiske grunner som NVE ikkje kan ta stilling til. NVE viser i det høve til eventuelt å ta kontakt med Olje- og energidepartementet.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380