Notiser

Har gjeve ut plata «Kvakksalvar-Guri»

Dei to, Britt Pernille Frøholm til venstre og Jorun Marie Kvernberg i Kviven duo har gjeve ut debutplata «Kvakksalvar-Guri».

– Livshistoriene til kjeldene våre følger med oss på vegen fram. I denne prosessen har dei inspirert oss og hjelper oss med å sette retning for framføring og arrangement.

Slik står det å lese i pressemeldinga som Kviven duo, Britt Pernille Frøholm og Jorun Marie Kvernberg sende ut i samband med debutalbumet i felespel. Plata dei kalla «Kvakksalvar-Guri» kom ut 12. juni, ei samling vestlandsslåttar i stereo felespel.

Dei to har denne gongen sett på historia til 246-åringen «Kvakksalvar-Guri», -ei historie som kveikjer til når vi hiv oss inn i leiken hennar, skriv dei to. Og vi trur dei, då svinn den vestlandske blygselen som dogg for sola når duoen triv felene sine. Då blir det gamle danseslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre med ein djervskap og energi som får det til å rykkje i dansefoten, les vi i pressemeldinga.

Duoen brenn for den tradisjonelle folkemusikken, og har ein visjon om å gi den gode levekår i samtida. Slåttemusikken har dialektar på same måte som talespråket i vårt langstrakte land. I Nordfjord og på Sunnmøre finn vi kvikke slåttar med ei skarp takt og ein munter kveik. Kviven duo tek dette til nye nivå på albumet «Kvakksalvar-Guri»

«Kvakksalvar-Guri» er ein medrivande tur gjennom slåttemusikken i Nordfjord og på Sunnmøre. Ein folkemusikkskatt får kome i rampelyset med både djerve dobbeltgrep så vel som såre tarmstrengtonar.

«Kvakksalvar-Guri» er duoen sitt første album, les vi.

Forfrisking i juli

Britt Pernille Frøholm har halde konsertar i Lensmannsstova på Lillebø fleire gonger. Ho håpar å få høve til nye musikalske stunder, kanskje i løpet av hausten. I alle fall blir den dyktige folkemusikaren å høyre på Hellesylt litt seinare i sommar. På Hellesylt Boutique & Bar blir det i juli invitert til smaking på diverse typer forfriskingar, og dit kjem Britt Pernille for å friske på stemninga med slåttar på fela.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380