Lokalnytt

Hellesylt på Europakartet gjennom Ibsen-app

Fire av elevane bak appen om Henrik Ibsen, frå venstre Tuva Kristine Brandli Korsnes, Julie Aklestad, Goda Tkacenkaite og Sofie Berge Sæbø.på Hellesylt der dei presenterte appen for cruiseturistar.

Ein app om Henrik Ibsen har skapt stor reklame for lille Hellesylt i land som Tyskland og Frankrike. Dette er historia om ti elevar ved Stranda vidaregåande skule og ein lærar som laga Europareklame gjennom ein app på mobiltelefonen.

Ole Bjørn Hjellegjerde, entreprenørskapslærar fortel historia bak Ibsen-appen;

-Dette er historia om korleis ti elevar, samtlege jenter, og ein lærar frå Stranda vidaregåande skule satte lille Hellesylt på Europakartet. Koronakrisa har utvilsamt skapt ei enorm krise i cruiseindustrien. Kva konsekvensane blir på sikt for cruisehamner som Ålesund, Geiranger og Hellesylt er foreløpig umogeleg å føresjå, men i løpet av vinteren har «lillebror» Hellesylt fått verdifull eksponering i både Frankrike og Tyskland. Bakgrunnen for oppmerksamheita er ein app om Henrik Ibsen, laga av elevar ved Stranda vidaregåande skule.

Fransk Tv-team under Rib-tur på Geirangerfjorden.

Arte (Association Relative à la Télévision Européenne) er eit fransk-tysk kringkastingsselskap med sete i Strasbourg og Baden-Baden, der formålet er å tilby kvalitetsprogram frå kunst- og kulturverda. Fjernsynssendingane er tilgjengelige på tysk og fransk, og ser ein desse programma online er dei også tilgjengeleg med engelske, spanske, polske og italienske undertekstar. Dette gjeld også det populære reiseprogrammet Invitation au voyage, som altså er teksta i seks forskjellige språk og når potensielt ut til 360 millioner europeiske innbyggarar.

Henrik Ibsen blir ofte blir omtala som den nest mest spelte dramatikeren i verda etter William Shakespeare. Frå hausten 2018 til våren 2020 arbeidde elevar ved Stranda vgs med å knytte den lille bygda Hellesylt til denne literære tungvektaren. Henrik Ibsen tilbrakte fem dagar på Hellesylt under si stipendreise i 1862, og fekk inspirasjon frå både natur, kultur og enkeltpersonar til sitt store gjennombrot, «Brand», som kom ut i 1866. All historikk rundt Ibsen sitt besøk hadde elevane og underteikna fått tilgang til via et kompendium som blei skreve av hobby-historikar Lars Karbø, som gjekk bort i 2002.

Lærar Ole Bjørn Hjellegjerde under filming frå området ved Shell med notanauster og Hellesylt til venstre i bakgrunnen.

I slutten av mars 2019 var appen «Ibsen Hellesylt» tilgjengeleg i App Store, og allereie 18. april lasta ein fransk tv-journalist ned appen og kontakta elevane via epostadressa som var oppgitt inne i appen: «I am journalist and I am going to do a TV report about Ibsen’s inspirational travel through Norway. The show is Invitation au voyage…»

Hellesylt.info skreiv 23. mai 2019 ein artikkel om apputviklararne frå Stranda vgs (vedlagt). Ein månad seinare kom eit tv-team frå Arte til Hellesylt. Ettersom alle dei fem jentene då var i gong med sine respektive sommerjobbar, så måtte læraren trå til som guide. I løpet av dagen var dei innom alle dei historiske plassane i og rundt Hellesylt som ein kan finne igjen i skodespelet «Brand».  Dei franske journalistane hadde også leigd ein RIB-båt hjå firmaet Bonseye for å nå ut til fjellgarden Me-Åkneset. Her er resultatet, frå 09:40 ut i programmet (og resten av episoden):

Fransk:

https://www.arte.tv/fr/videos/093381-000-A/la-norvege-theatre-intime-d-ibsen/

Tysk:

https://www.arte.tv/de/videos/093381-000-A/norwegen-die-theaterlandschaft-ibsens/

Sjølve appen er no oppdatert med ein eigen media-del som mellom anna inneheld desse utanlandske innslaga.

Mvh,

Ole Bjørn Hjellegjerde

Entreprenørskapslærer,

Stranda vgs.

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380