Lokalnytt

HUL ønskjer ide frå publikum


Inn til fjellhammaren bak personane omlag midt på bildet ønskjer HUL og badehusstyret å bygge eit toalettanlegg.

HUL vil bygge eit toalettanlegg i området ved badestranda på Hellesylt. No blir publikum invitert til å kome med sin ide og utforming av bygget.

-Hellesylt Ungdomslag vart eigar av badehuset og den populære badestranda på Hellesylt i 1938. No ønskjer laget å få reist eit bygg med toalett og eit lite lagerrom på området. Saka vart drøfta på årsmøtet og det vart vedteke å jobbe vidare med planane. Det viser seg at badegjester i liten grad brukar toaletta i kaihuset, og i staden bruker naturen rundt området når behov melder seg.

På årsmøtet i HUL la badehusstyret fram ei skisse av eit lite frittståande toalettanlegg med omkledningsrom frå byggfirma HT Bygg Hellesylt.

Leiar i UL, Marianne Fivelstad seier at HT Bygg la fram ei grei og praktisk skisse, men før laget bestemmer seg korleis bygget skal sjå ut ønskjer dei å gje publikum moglegheit til å kome med sine idear og utforming. -Har nokon tankar, ein ide om utsjånad, materialval, vegg –og takkledning og andre ting, så ta kontakt med HUL-leiinga eller badehusstyret, seier ho. Om ei skisse, teikning blir nytta kan vedkomande «arkitekt» vente seg ei lita påskjønning, legg Marianne Fivelstad til. Toalettbygget ønskjer HUL å plassere i bakkant av plenen, inn mot fjellet.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380