Lokalnytt

Ikkje tilskot til Hellesylt Bygdetun

Gjennom Stranda kommune vart det søkt fylket om 577.000.- kroner i tilskot til istandsetjing av det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun. Søknaden vart ikkje imøtekomen.

Det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun er i dårleg stand. Restauratør Kåre Løvoll har gått over huset og i ein rapport viser han til betydeleg arbeid og kostnader med istandsetjing. Fyrst og fremst må grunnmuren rettast opp, og tømmer i huset har roteskadar. Botnstokken må skiftast ut, og tømmerstokkar i veggane er så rotne at tollekniven kan stikkast inn heilt til skaftet, skriv han.

Kostnaden med å setje huset i stand er berekna til 1,4 mill. kroner. Det vart søkt fylket om eit tilskot på 577.000.- kroner, men søknaden vart ikkje imøtekomen då tilskotsbudsjettet på 1.6 mill. kroner til slikt arbeid var 3-4 gonger mindre enn innkomne søknader.

Det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun kan i verste fall kome til å ramle ned. Kanskje er det det som skal til for at ein får tilskot til bevaring.

Det var i 1992 at tre eldre søsken overdrog det vesle gardsbruket Lillegjerdet med bygningar og lausøyre vederlagsfritt til Stranda kommune. Bygdetunet som ligg like ved vegen til Ringdal har over 600 registrerte små og store bruksting.

Jan Ove Tryggestad er styreleiar i Hellesylt Bygdetun. Han hadde ønska å kome i gong med vedlikehaldet så snart som råd, men med berre 500.000.- oppsparte middlar på bok har ikkje styret finansieringa i orden, så difor må arbeidet utsetjast inn til vidare, seier ha. Det vil bli søkt fylket om tilskot på ordinære middlar seinare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380