Korona og skadar stoppa sommardansen

Under Hellesyltdagane har Ramazan Øcal arrangert sommardansen på Ole Ringdals`s plass midt i Hellesylt sentrum. Det var planen også i år, men korona og personlege skadar sette stoppar for arrangementet i år.
Under samtale med hellesylt.info tidlegare i vår var Ramazan Øcal fast bestemt på at om Hellesyltdagane vart avlyst grunna korona-epidemien, så skulle han arrangere den populære sommardansen under «open himmel» midt i Hellesylt sentrum. Men no er alle planar avlyst, i alle fall dei fyrste månadane.
Eine årsaka er, seier Ramazan at smittevernrestriksjonar frå høgste politisk hald gjer at ein dans kunne maks ta mot 200 personar. Det blir for lite om det skal bli lønsamt å arrangere. I tillegg gjeld einmeter-bestemmelsen, noko som er vanskeleg å handheve om publikum har lyst til å danse.
Den andre årsaka er at Ramazan Øcal har også vore ekstremt uheldig og skada seg. Under montering av ei ny maskin på kjøkkenet i pizzarestauranten var uhellet ute under bruk av ei elektrisk gjerdesag. Han skada eine handa, men håpet det går bra.
-Eg var uheldig, det er ergeleg å tenkje på, men det kunne gått verre, seier restaurantverten som alle i Hellesylt held av. No jobbar han redusert og kjem til å gjere det ei stund også frametter, men andre gjer at der er full drift.
Sommardans i Hellesylt sentrum blir det i alle fall ikkje i år. Kanskje blir det kveldar med trubadur på restauranten når fellesferien startar og det blir fleire turistar i Hellesylt, seier Ramazan Øcal.