Koronafriske ender konkurrerer i Hellesyltfossen
Det blir andeslepp i Hellesyltfossen også denne sommaren. Ingen av dei 2000 plastendene som HUL har passa på er smitta av korona. Alle er klare for konkurranse søndag 5. juli, i Hellesyltfossen. No håper arrangøren at mange kjøper lodd.
Hellesyltdagane er eitt av fleire arrangement som har blitt avlyst grunna korona-epidemien denne sommaren. Hellesylt Ungdomslag køyrer likevel eitt av dei mest populære innslaga under Hellesyltdagane, nemleg «Det store andesleppet». Dette innslaget har foregått under Hellesyltdahgane sidan 2005 og har samla flott tilslutning, både av loddkjøparar og når det heile har foregått i den flotte fossen. Det håper dei på også denne gongen. Magne Brekke og Heidi Hauge uttalte til messeavisa fyrste gongen at; -Vi har kjøpt opp alle plastendene i heile landet, alle i gul farge.
Om dei gjorde det den gongen så har Hellesylt Ungdomslag framleis minst 2000 spreke, friske ender som skal i Hellesyltfossen i juli. Alle desse ender har overlevd meir enn 15 år og skal føre arrangementet vidare. Dei har eit talnummer på seg og er klar for «Det store andesleppet» i Hellesyltfossen søndag 5. juli klokka 16.00, fortel Knut Dag Langeland i arrangørstaben.
Ved oljelensa like forbi Hellesylt bro blir dei ti fyrste endene fanga inn av betrudde personar i båt, akkurat som alle dei andre åra frå 2005. Og ryktet seier at dei ti fyrste endene blir premiert like rundeleg som før.
Så bli med på konkurransen og kjøp ei and, gjerne også to og tre. Medlemer i HUL har salsboder ved butikkane i Hellesylt kvar helg fram til «sleppet», men også andre utanfor Hellesylt kan kjøpe lodd i andesleppet. Det er berre å vippse 50.- kroner per and til 569925, men husk å skrive namn, seier arrangøren, og ein er med i konkurransen.