Lokalnytt

Lagar badehustrapp av osp

Alf Ole Sundgot med ospestokkar på sagbenken

Hellesylt Ungdomslag og badehusstyret må bygge ny trapp for badegjestane sine. To trinn i trappa frå badehuset til sjøen brotna nyleg av roteskade.

-Vi satsar på god norsk osp denne gongen, for impregnert materiale varte berre i fire år. Det seier Asle Ringdal som er leiar i badehusstyret i Hellesylt Ungdomslag, eigar av det populære og mykje nytta sjøbadet. Nyleg brotna to av trinna i den eine trappa og ein person skada seg litt. Fleire uhell vil vi ikkje ha, seier Ringdal.

Som mykje anna i bygda blir også denne utbetringa gjort på dugnad. Asle Ringdal har vore i skogen i Åsen der han har fått ospetre gratis med Frank Bjørnsen i Arne-garden. Desse vart køyrde til Bjørdal der Alf Ole Sundgot saga stokkane til material. No skal trappa setjast saman ved HT Bygg, boltast i hop med syrefaste skruar og trinna skal forsterkast med spesiellaga syrefaste jarn frå Stranda Stålindustri.
-Korleis vi skal få det tunge «beistet» på plass er eg litt usikker på, men vi må nok vere mannsterke så skal det nok gå, seier Asle Ringdal.

Ringdal trur dei må fornye også den andre trappa, men fyrst vil dei hauste erfaring med den dei skal lage no.

Her blir materialen dimensjonert.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380