Lilleballong laga fantasifigurar

I Sunnylven barnehage kom det uventa besøk frå Lilleballong og frå ei kanin frå Frøysa måndag. Det sette 27 born og alle dei andre i barnehagen pris på.
Sist veke var det sommaravslutninga i Sunnylven barnehage med litt redusert besøk av slekt og venner i høve til det som er vanleg ved slike festar. Men korona hindra ikkje besøk frå ei fjøskanin på Frøysa og ballongkunstnarar frå morobutikken Lilleballong i Bergen.
Henning «superbesten», trollmann med ballongfigurar er på besøk hos Sina på Frøysa, og hadde med også Elin frå Bergen. Det vart eit overraskande besøk, men som alle tydeleg sette pris på der slakke ballongar vart fylt med luft og forma til dei raraste figurar. Mykje populært var det med Sabeltann-sverd, men også dyr og blomar fekk «superbesten» og Sina bestillingar på. Det gjekk unna, men av og til sa det pang!, noko ein nesten må forvente.
«Superbesten» fortalte at han brukar å ha med ein sjiraff på tur, men då han kom til fyrste tunnel viste det seg at sjiraffen var for høg. Han måtte setje den igjen i Bergen, men så kom han til Frøysa og der hadde dei fjøskanin. Og jammen dukka ikkje kanina opp i barnehagen måndag. Ei litt rar kanin i ein Vestlandshus-kjeledress, men du kor fin og kjekk ho var, lurande inn bakvegen.
Henning «superbesten» har jobba på sirkus i åtte år, og har drive morobutikken Lilleballong i Bergen i 18 år. No viser han fram sine ballongkunster med besøk i barnehagar og på andre store og små tilstellingar med barn til stades, sa han.
Hilde Langlo Brekke, einingsleiar i Sunnylven barnehage tykte det var eit flott besøk å få. Ho har helsa på Henning «superbesten» før når han har vore i barnehagen og henta barn under besøk på Hellesylt. At han stilte opp slik gratis var berre supert. Det vart ikkje løn i kroner, men litt spekemat frå lokale produsentar i staden, sa ho.
Sunnylven barnehage med 27 born og betjening går ut i fire veker sommarferie frå fredag 3. juli. Oppstart igjen er tysdag 4. august, då med 29 born, fortalde Hilde Langlo Brekke.