Notiser

Møte om jegerskyting / trening

Styret i Sunnylven skyttarlaget ønskjer seg fleire personar til å bidra med hjelp for å gjennomføre jegerskytinga i Hyttehola i åra som kjem.

Styret inviterer til møte om saka i Hyttehola måndag 8.juni frå kl. 20.00.
-Vi er ute etter å sjå kor mange som vil hjelpe til med å halde tilbodet for jegerane med trening og oppskyting oppe, seier leiar i Sunnylven skyttarlag Ola Vangen.

-Slik det har vore i åra før så har dette tilbodet vore gjennomført av få personar som har gjort ein utmerket jobb, og vil fortsette med det så godt dei kan.
Samtidig så ynskje styret å lette litt på arbeidet og fordele dette på fleire i staden for at dei same personane må gjere alt åleine, seier Vangen, og minner om at skyttarlaget har mange jegerar. Han håpe at fleire kan vere med og dele på dette arbeidet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380