Opnar for publikum i juni
Berre nokre mindre detaljer står att og heile Verdsarvutstillinga er på plass i bedehuset på Hellesylt. Utstillinga blir opna for publikum så snart visse løyve er ordna, mellom anna i høve korona-epidemien.
-Det gjekk over all forventning å få utstillinga ordna i bedehuset. I løpet av to lange dagar, og etter god hjelp av Helge, Einar Nilsen og mange av bygdefolket var det gjort. No dreg eg letta tilbake til Bergen, for eg synes det vart bra. Det seier Anne Jorun Sæten som i 2018 komponerte utstillinga etter arbeidstittel «Med naturen som inspirasjon». Utstillinga er på plass i huset frå 1890 etter fleire timar arbeid med montering av mange element og snart klar for framvising for publikum.
-Utstillinga i bedehuset skal bli opna for publikum så snart som råd i juni. Det må undersøkjast om det er restriksjonar for publikum når det gjeld korona-epidemien, men vi håper å få same ordning som i kyrkja. Og så skal det monterast eit tidslås på inngangsdøra som opnar og låser til ønska klokkeslett. Då kjem også lyset på i lokalet og på ein del av installasjonane, fortel Sæten.
Bedehusets venneforeining har tilsyn med huset og blir leia av eit interimstyre på fem, Jens Vik, Ann Kristin Langeland, Lars Fivelstad, Hildegunn Vollset og Anne Jorun Sæten. I løpet av juli blir det kalla inn til ordinært årsmøte i foreininga.