Praktbygg av gamalt meieri

Det gamle meieribygget på Hellesylt er ferdig renovert utvendig og står fram som eit praktbygg. Her opnar Devold sin sommarbutikk igjen kring 18 juni.
I vel to månader har arbeidarar frå TJ Bygg AS i Ålesund jobba med å renovere og tilbakeføre det gamle meieribygget på Hellesylt til opphavleg utsjånad. Det er Flakkgruppen som eig bygget og som gjennom våren har rusta opp bygget utvendig for over 2.0 mill. kroner, fortel eiendomsansvarlig John Egil Giørtz Jacobsen. Han har teke turen til vakre Hellesylt for å sjå til både dette bygget og gamle Grand Hotel som er eigd av same firma.
Alta-skifer på taket
Meieribygget har blitt svært så velhalde, og vi antyder at det må vere Hellesylt sitt flottaste bygg no. Jacobsen er samd i det, -det har blitt bra, men det var nødvendig, seier han. Det var fukt bak stålplatene som bygget var kledt med både på veggar og tak, men no er desse fjerna og erstatta med dobbelfalsa bordkledning på ytterveggar og Alta-skifer på taket. Murane er flikka og pussa på, veggar er etterisolert, og det er sett inn nye isolerglas med krysspostar frå H-fasaden AS. Og sjølvsagt, heile bygget er nymåla i ein lys farge.
Ikkje ferdig inne
Jacobsen rosar arbeidsinnsatsen og jobben som snekkarane har gjort. Innvendig står det framleis arbeid igjen, men kva tid det blir gjort er ikkje klart. På sikt er planen at heile bygget skal takast i bruk, men i sommar er det klebutikken til Devold som flyttar inn, seier John Egil Giørtz Jacobsen.
Folk frå HT Bygg jobba med å setje i stand eit toalett inne i bygget etter at det oppstod skade etter ein vasslekasje i vinter, fortalde han.
Opnar sommarbutikken
Aller fyrst, og om vel ei veke blir sommarbutikken til Devold opna i dei same lokala som tidlegare i fyrste etasje. Alt no var det fylt opp med gode klede, så her har kundane mykje å velje mellom når døra opnar rundt 18. juni.