PUB OG KAFETERIA NYOPNA PÅ GRAND

Frå den elegante, nyopna puben i den tidlegare peisestova. På biletet Lars Horskjær Pedersen og Sigurd ]ørgensen. (klikk på bildet for større versjon).

Sist torsdag opna Hellesylt FjordHotell den nye kafeteriaen og puben sin i første etasje i det gamle Grand-bygget. Før opninga hadde lokala gått gjennom ei oppussing som har fått mange lovord. – Eit mål har og vore for oss å ta vare på det gamle, fine miljøet i dette bygget, seier Lars Horskjær Pedersen.

Dei ljose lokala til kafeteriaen er måla om og her er komne nye bord og stolar. Dessutan er der ny disk, der det vert servert såkalla «fast-food», raskt tillaga varmrettar, og dessutan kaffi og kaker. I kafeteriaen er der fram mot 75 sitjeplassar. I den tidlegare peisestova er det laga til ein pub i ein engelsk-inspirert stil. Denne puben er møblert med Hollandske heiltre- møblar i mørk eik. Denne puben har verkeleg vorten smakfull, og her er det om lag 45 sitjeplassar.

Kafeteriaen og puben har Horskjær Pedersen tenkt i førstninga å ha ope etter behov, medan endå meir oppussingsarbeid skal utførast. Men alt no har det vore så godt besøk, at, det har vore langt meir ope enn først tenkt. I neste veke vil så arbeidet med å pusse opp den gamle spisesalen ta til. Her skal det leggast nytt teppe på golvet, og taket skal pussast opp att. – Men vi må ta vare på det gamle særpreget, og heile tida freiste å gjere det gamle huset meir «levande», seier Horskjær- Pedersen, som og har mange andre planar for bygget. Nokre vil han ikkje røpe enno, men etter kvart vil han finne fram gamle ting som har høyrt til i huset, setje desse i stand, og la dei gå inn i det nye miljøet i bygget.

GOD DANSEMUSIKK

Komande helg vil gruppa «Living Earth» spele fredag og laurdag, medan det i heile neste veke vil vere den kanadiske trubaduren Mark Middler som underheld. Han har mellom anna gjeve ut eigen LP og kassett.

MALERIUTSTILLING

Søndag 16. juni opnar så den tyske målaren Fred Gunnar Westphal ei utstilling i lokala på Grand.  Denne utstillinga skal henge om lag 1 månad. Ho består for det meste av akvarellar. Målaren driv til dagleg Freddy’s Galleri og Kunstshop i Spjelkavik.

SUKSESS-OPNING

På opningskvelden underheldt velkjende Gunnar «GP» Pedersen, og spela då mellom anna på det gamle pianoet på hotellet. Han hadde berre lovord over dette flotte instrumentet. Det vart frakta til Hellesylt i 1902, og den gong vart frakta betalt med heile kr. 0 ,50 ! Og etter opninga har det vore stor oppslutning om arrangementa på hotellet, avsluttar Horskjær Pedersen.

Frå den nyopna kafeteriaen. Bak disken, den 32 år gamle kokken John Møller frå Århus i
Danmark.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen 12. juni 1985.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info