Lokalnytt

Rocka på den kulaste scena

-Dette er en ære, og heilt ærleg, dette er den kulaste scena vi har stått på. Slik ordla vokalist Michael Charlotte seg då han helsa til eit 50-talls publikum under opning av rockekonserten på Ljøen laurdag kveld.

At naturen kring Fjellgården Øvre Ljøen Amfi kunne begeistre dei unge bandmedlemmane forstår vi godt. Denne kvelden låg fjorden blank og stille, fjella kring kneisa majestetisk som alltid og var framleis pynta med litt «melis» på toppane. Og når temperaturen passerer langt over 20 pluss, då er det sommar.

-Vi frykta at vi kom til å spele for ei tom tribune, men slik vart det ikkje. For vi var litt usikre på kva vi ville møte då vi reiste hit, men vi fekk oss fortalt at det var til ein vakker plass og det stemte. Vi heiter Koala Queen, anar ikkje kvifor vi fekk det namnet, sa vokalist Michael.

Vokalist i Koala Queen, Michael Charlotte.

Frå utescena på Ljøen spela rockebandet eigne låtar, det gjekk på tekstuttale på engelsk, og det svinga, det var rytme som vi såg publikum svinga med i. Koala Queen med ungdommeleg besetning, gode musikarar og ein vokalist med stemmeband som meistra både lave og høge tonar, fekk sjølv støre ledd og musklar i bevegelse.

Det fire år gamle indibandet spela gjennom heila albumet som dei sleppte i vår, -og i tillegg har vi laga fem, seks nye låtar som får premiere her, sa Michael.

Ole Hjalmar Bonsaksen hos arrangøren hadde håpa på meir enn femti i amfiet til konserten, der er plass til det doble med lovleg korona-avstand.

-Men greitt, dei som ikkje kom gjekk glipp av ein fantastisk konsert, sa han til hellesylt.info.

Koala Queen består av Michael Besseberg Gjøvaag, Viktor Lindblom, Andreas Rukan, Oskar Johnsen Rydh og Kristian Haug.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380