Lokalnytt

Sende Storkultur frå Ljøen

Veret var ikkje det beste, men alt gjekk som planlagt like vel. Og på slutten kom sol i fjelltoppane.

Søndag var mykje av det gode Sunnmøre har å by på av song og musikk samla i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi. Fleire fekk oppleve konserten live i amfiet, og i tillegg vart det heile formidla direkte over internett.

Då korona-pandemien sette stoppar for større arrangement, mellom anna i Storfjord kulturhus tok Sigurd Drege, Anders Adolfsen og Lasse Døving opp tanken om å arrangere konsert i uteamfiet på Ljøen saman med Bonseye. Konserten fekk arbeidstittelen «Storkultur på Ljøen», og med lyd og bilete frå MediaRiks vart konserten kringkasta på internett.

-Storfjord kulturhus har flytta ut til Øvre Ljøen Amfi. Her skal det bli fleire timar variert underhaldning, sa Sigurd Drege som presenterte innslaga og leia det heile på ein ryddig måte. Drege hadde alliert seg med ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad om velkomsthelsinga. Og ordføraren reklamerte godt for staden som er del av kommunen han leiar.
-Lat vi no vise verda kva vi står for her på Ljøen i Stranda, sa han og la til at han var glad for at samfunnet gradvis opna opp for normalt virke igjen.

Sykkylven sin store songartisk, Stine Hole Ulla imponerte i fleire songar frå scena på Øvre Ljøen.

Arena i Verdsarven

Fyrst på scena var folkemusikk-trioen Ingunn Linge Valdal, Thea Marie Ytterdal og Solveig Eide Grønningsæter frå nabokommuna Fjord. Deretter kom Stine Hole Ulla frå Sykkylven, ein songartist på veg mot internasjonale høgder, -eller er det noko større enn ein arena i Verdensarven, undrast Drege. Stine song også seinare i konserten saman med Ålesund Strykekvartett.

Frode Hagebakk kjem frå Stranda., ein trubadur som skriv og syng på morsmålet. Fantastisk flott å høyre, og med tekstar med meining. «Dame med d» og « Mi heimbygd» var to av visene vi like godt.
Også Katrine Langlo med band vart eit flott innslag. Katrine og dei andre i bandet, Malin Pålsson, vokal, Axel Helstad gitar, Daniel Dvergsdal bass, Stephanie Roux, tangentar og Erik Torset gitar kjempar om tittelen Årets låt i Norge.

Frode Hagebakk skriv på norsk med gode tekstar og flotte framføringar.
Tricia Boutte`-Langlo med Askjell Molvær ved pianoet.

 

På scena kom deretter Tricia Bouttè-Langlo. Vi har høyrt henne før i Storfjord kulturhus, og saman med Askjell Molvær på piano vart dette ei ny songoppleving, eitt av høgdepunkta under Storkultur på Ljøen.

Etter ei geografisk plassering av fjellgarden Øvre Ljøen, og der programleiaren orienterte om gjeremål og leveveg var det klart for ny vise, denne gong formidla av komande eigar på garden, Ole Hjalmar Bonsaksen. Med gitarkomp av Erik Torset vart det ein vellukka debut som visesongar under konsert på eigen gard.

Nostalgi frå P.K.

Turistbygda Geiranger var også representert i artistsamlinga ved Tone Oline Knivsflå. Publikum fekk høyre ei ung songjente med eit flott medfødt instrument i to songar med Gunnar Inge Eide ved pianoet.
Også P.K. Støbakk, Stranda sin dansebandmusikar med eit stort tal CD-ar bak seg var på plass. Denne kvelden hadde P.K. leita fram gamle gode songar med litt nostalgi i seg, som «Heimplassen».

Publikum song med

I den over tre timar lage konserten var det friske innslag av LIZZ med orkester, poeten Eirik Havnes deklamerte eigne dikt og rablerier, og vi har vore innom Ålesund Strykekvartett med dansaren Martha Standal som presenterte innslag av høg kvalitet.

Kristin Storstein, fekk også publikum med i allsong i «Har du fyr».

-Vi kan ikkje ha konsert i Sunnylven utan ein artist der i frå , sa Sigurd Drege. På scena kom bygda si etter kvart kjent songstjerne Kristin Storstein og leverte . Med Askjell Molvær på piano vart det tre songar denne gongen, som avslutta med Ola Bremnes sin «Har du fyr» i allsong.

Roceband frå rosebyen

Til aller sist kom Molde-bandet Revolt, skrudde opp lyden, ja kanskje kunne rockebandet høyrast til Hellesylt. Spesielt, men ei imponerande framføring av ungdomar som kan bli eitt av dei store rockebanda i landet. Song, musikk og rytmiske bevegelsar var berre utruleg dyktig gjennomført av dei fem med adresse rosenes by.
Om det var lydnivået eller ikkje, tåkeskyene letta i alle fall i fjella kring Korsfjorden og vi skimta solstrålar i staden. Då var klokka nær halv ti, over tre timar etter opning av Storkultur på Ljøen.

Rocebandet Revolt sette punktum for ein flott utekonsert på Ljøen.

Fleire sponsorar

Lat utescena på Fjellgarden Øvre Ljøen stå. Slike konsertar vil vi og mange med oss ha fleire av!!
Hovudsponsor for kulturkonserten var Sparebanken Møre. I tillegg vart konserten støtta økonomisk av fleire, mellom anna Stranda Energi, 62`NORD, Stranda stålindustri AS, Bonseye, Møre & Romsdal fylkeskommune, Platina, Ole Ringdal AS, Gjensidige, Storfjord kulturhus, Stranda kommune.

Katrine Langlo med band
Ålesund strykekvartett
P. K. Støbakk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380