Startar vedlikehald av gamal kløvveg.

Tillitsvalte frå idrettslaget var med på synfaring torsdag kveld. Her på det høgaste punktet.

Den gamle bygdevegen over Vardegjelet i Sunnylvsbygda vart bygd i 1875. I dag er kløvvegen mykje nytta som turveg, ei turrås i spanande natur som det er viktig å ta vare på.

Gjennom næringsavdelinga i Stranda kommune vart det i mai søkt fylket om tilskot til utbetring og diverse andre tiltak på den gamle kløvvegen over Vardegjølet i Sunnylvsbygda. Vegen som vart bygd i 1875 og går frå Rindekroken på Frøysa og i ein kilometer mot Hole blir i dag mykje nytta som turveg gjennom flott natur, og med storslagen utsikt mellom anna frå det høgste punktet 75 meter over gjølet til Bygdaelva.

Etter år utan vesentleg vedlikehald er der no behov for tiltak. Ein søknad til kulturavdelinga i fylket vart imøtekomen med eit tilskot på vel 60.000.- kroner til diverse tiltak etter turvegen.

Grunnlag for vedtaket

I tildelingsbrevet står at tilskot er frå ekstraordinær ordning i «Tiltakspakke til kulturprosjekt i koronatida», og er i tråd med formålet for ordninga.
Det er ein føresetnad for tilskotet at det ikkje vert bygd nye murar eller at stiane ikkje vert grusa utan rådføring med kulturavdelinga i fylkeskommunen. 75 prosent av tilskotet blir utbetalt så snart som mogleg, og 25 prosent blir utbetalt når prosjektet er avslutta og vi har godkjent endeleg rapport for prosjektet, heiter det.

Startar etter ferien

Næringssjef Inge Bjørdal og fleire tillitsvalte frå Idrettslaget og 4-H var på synfaring og planleggingstur etter turvegen torsdag kveld.
Bjørdal seier at arbeidet truleg vil starte fyrst etter ferien med rydding av skog, noko grøfting og vasspostar som må reinskast opp, og det skal lagast ei sikring, truleg med stabbesteinar og kjetting i fleire meters lengde langs kanten på det høgaste punktet.
Under synfaringa såg ein også på ein stad for grillplass, og det skal skiltast slik at turvegen blir kjent for allmenta.
Heile arbeidet skal vere ferdig til 1. desember

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380