Lokalnytt

Store grasavlingar delevis i vatn

Jørgen Helset ser ut over rekordstore grasavlingar han ikkje får hausta grunna vatn.

Snøsmelting og stor vasstand i elvane har ført til overvatn og problem med grashaustinga på enkelt areal i Sunnylven. Jørgen Helset har nesten 60 dekar delevis i vatn.

Han er ikkje heilt nøgd med situasjonen der han står og ser ut over 60 dekar med rekordstor grasavling. Grunnvasstanden og delevis overvatn gjer at Jørgen Helset ikkje får hauste arealet enno. Stor snøsmelting har auka vassføringa i Bygdaelva og gjort at Helsetvatnet har stege til over meteren over normal vasstand.

Forringa kvalitet

-Men det er lite å gjere med tilhøva, det svir i alle fall ikkje av, skjemtar han. –Vi må berre vente på at elva og vatnet skal gå ned. Det skjer nok ikkje med det fyrste, for i fjella er der framleis mykje snø, og vermeldinga lovar høge temperaturar også i heile veka som kjem.
Vi skulle kan hende hausta desse areala fyrst, men slik har situasjonen aldri vore tidlegare. Og det var fyrst då grunnvatnet steig og varmen kom at graset vaks seg ut. No taper det seg i forverdi, for timoteien har skote for lengst. Og når det blir ståande lenge i vatn rotnar det i rota og forringar kvaliteten ekstra, seier storbonden med fram mot 50 mjølkekyr i lausdriftsfjøset på Helset.

Grunna vassføringa i Bygdaelva har Helsetvatnet i bakgrunnen stege over meteren i høve normal vasstand

Store areal godt hausta

Men Jørgen fryktar ikkje forkrise til vinteren. –Elva går nok ned igjen så då blir også desse areala hausta, i tillegg til 340 dekar som alt er i hus. Det graset har gått til forbalgar, i tårnsiloen, og det er kome inn mykje godt turrhøy, fortel Jørgen.
Han er ikkje den einaste grasdyrkaren som i desse dagar plagast av vatn grunna den store snøsmeltinga. På andre gardar som Bjørdal, Frøysa, og i Langedalen og Nibbedalen har grunnvatn og overvatn også hindra arbeidet på enkelte areal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380