Storlaks beit uventa

Det vart storlaks på Ole Arnstein Ringdal torsdag kveld. Og no er han igjen klar for nye kast og spaning med laksestonga. (Foto: Privat)

Ole Arnstein Ringdal hevdar han fekk sjokk på fisketur i Fløtehølen torsdag kveld. Heilt uventa vart det fast fisk, ein rugg på ti kilo.

-Mykje snøsmelting har gjort at Korsbrekkeelva har vore stor dei siste dagane. -Eg sa det, det blir nok ikkje laks i dag, elva er for stor. Men det vart ikkje mange kasta med fiskestong og meps før eg kjende at det var fisk på kroken, og på land kom årets tredje laks i Korsbrekkeelva i år, ein rugg på 10.0 kilo. Eg var lettare sjokka etterpå.

Ringdal har erfaring med at laks går opp i elva når det er stor vassføring, men at det sjeldan blir fast fisk å få. Når elva renn sti blir det også få plassar å fiske på, seier han. Men i Fløtehølen er det litt rolegare, og her var det altså at storlaksen beit på noko så smaklaust som ein meps, ein metallsluk.

Ole A. Ringdal har nye fiskedagar. -Sjokket etter den uventa fangsten har lagt seg, nervar og puls har roa seg og eg er klar for nye kast og ny storfangst, er siste kommentar frå storfiskaren.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380